Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Armenia og Tyrkia – dratt mellom fortid og framtid

Vahram Ter-Matevosyan snakkar om det vanskelege forholdet mellom Tyrkia og Armenia, ein situasjon som har stått meir eller mindre stille dei siste 26 åra.
31 januar 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Engelsk

Tyrkia anerkjende i 1991 Armenias lausriving frå Sovjetunionen. Likevel nekta landet å etablere diplomatiske relasjonar, og Tyrkia opna heller ikkje grensene mot Armenia. Dei siste 26 åra har det blitt gjort ei rekkje forsøk for å prøve å finne løysingar på problemet, men dei to landa har framleis ingen diplomatiske relasjonar. Forholdet står som ei siste påminning om den kalde krigen i Europa ved at det hindrar utviklinga i Armenia og austre delar av Tyrkia.

I dette foredraget vil Vahram Ter-Matevosyan diskutere tidlegare forsøk på å etablere diplomatiske relasjonar og han vil sjå nærare på noverande hinder som gjer skipinga av bilaterale samband vanskeleg. Han vil også sjå på metodiske feil som har vore med på å skape den vanskelege situasjonen.

Vahram Ter-Matevosyan er assisterande professor ved College of Humanities and Social Sciences, American University of Armenia, og han leier Turkish Studies Department ved Institute for Oriental Studies, National Academy of Sciences of Armenia. Han har tidlegare jobba for det armenske forsvarsdepartementet.

Hans tidlegare arbeid har blitt publiserte blant anna i Turkish Studies, Middle Eastern Studies, Insight Turkey, Europe-Asia Studies, Eurasian Geography and Economy, Journal of Southeast European and Black Sea Studies, og Iran and the Caucasus. Ter-Matevosyan har også skrive den prisvinnande boka Islam in the Social and Political Life of Turkey (1970-2001) Hans neste bok Kemalism and the Soviet Union blir publisert i 2018.

Ordstyrar er seniorforskar og leiar for forskingsgruppa for Russland, Eurasia og Arkis på NUPI, Helge Blakkisrud.

Taler

Vahram Ter-Matevosyan
College of Humanities and Social Sciences, American University of Armenia og Turkish Studies Department at the Institute for Oriental Studies, National Academy of Sciences of Armenia
31 januar 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Engelsk