Arrangement
Terror and the sovereign: Refleksjonar rundt antiterror i og utanfor Europa.
Vi har dei siste to åra sett ei rekkje terroraksjonar i Europa. I motsetning til tidlegare, blant anna etter 9/11, står ikkje Europa i dag meir samla i ønsket om ytterlegare integrasjon. Dette krev ei seriøs revurdering og radikal refleksjon rundt dei utfordringane vi står overfor i dag og korleis desse har blitt takla på nasjonalt nivå, innanfor EU-rammeverket og i forholdet til naboland.
Kor stort unntak må til før vi kan snakke om ei norm? I kva grad representerer nye normative ordningar ei løysing?
I samband med den kommande boka si Terrore Sovrano: Stato e Jihad nell'era Post-liberale (Marina Calculli er medforfattar) vil Francesco Strazzari gi eit overblikk over kritiske aspekt i den pågåande debatten om antiterrorarbeid i Europa. Francesco Strazzari er professor 2 i internasjonale relasjonar ved Pisa-baserte Sant'Anna School of Advanced Studies og forskingsprofessor med NUPI. Han er også assosiert med det Oslo-baserte C-REX og med den Paris-baserte EU Institute for Security Studies. Han spesialiserer seg på konfliktstudium, med særleg fokus på europeisk tryggleik, statsbygging, uformell styring og transnasjonal organisert kriminalitet. Strazzari har doktorgrad frå European University Institute i Firenze. Han har undervist ved SAIS Europe (John Hopkins University), Universitetet i Amsterdam og Universitetet i Bologna.
Seminaret blir arrangert av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet og NUPIs seminarserie Noreg møter Europa. Møteleiar denne dagen er seniorforskar ved NUPI, Pernille Rieker.
Arrangementet blir strøymt live på YouTube-kanalen vår: