Arrangement
Små brikker i det store spelet – Moldova
Dei siste 10-15 åra har Europa i aukande grad blitt stykka opp av geopolitiske og ideologiske skiljelinjer. I enkelte tilfelle har desse skiljelinjene utvikla seg til reelle frontlinjer. Moldova er verken på den eine eller den andre sida av ei geopolitisk skiljelinje: landet er delt i to av ei slik linje som splittar både samfunnet og folks tankesett.
Utanriksminister Galbur vil snakke om to mål som er svært viktige for Moldova: modernisering og behovet for å stabilisere Moldova gjennom å auke landets robusthet, redusere intern splitting og løyse Transnistria-konflikten. Nøkkelspørsmålet for Moldova er om landet er i stand til å fremje desse måla i dagens situasjon med ein liberal orden i oppløysing, stigande politisk populisme og EU-skepsis, økonomisk proteksjonisme, og sist, men ikkje minst, tilbakekomsten av brutal geopolitikk i mellomstatlege forhold.
Andrei Galbur har over 20 års erfaring som karrierediplomat i den moldovske utanrikstenesta. Han har vore utstasjonert både i Washington, Wien, og no sist som ambassadør til Moskva under krisa i Ukraina, då Moldova blei utsett for ei rekkje sanksjonar frå Russland. Som utanriksminister og minister for europeisk integrasjon er det oppgåva hans å fremje den europeiske kursen i landet, samtidig som ein bidrar til normaliseringa av forholdet til Russland.
Ordstyrar er seniorforskar på NUPI Helge Blakkisrud.