Arrangement
Politisk asylbedrag og mistenkjeleggjeringskultur
Kredibilitet er sentralt i å avgjere legitimiteten til søkjarar om politisk asyl, men grensene mellom sanning og løgn er ofte tilslørte, til dels fordi desperate menneske ofte er nøydde til å bedra for å sleppe unna forfølging. Former for bedrag kan vere alt frå små, ubetydelege løgnar til løgner om faktorar som er heilt sentrale i asylsøknaden.
Carol Bohmer tar for seg det auka beviskravet, bruk av ny teknologi for å saumfare forteljingane til asylsøkjarane, kartlegging av forfalska dokument, forsøk på å skilje mellom offer og forfølgjarar, og korleis kulturelle misforståingar kan komprimittere denne prosessen.
Seminaret blir organisert saman med Norwegian Centre for Humanitarian Studies (NCHS).
Bohmer er jurist og sosiolog. Ho er gjesteforskar ved Government Department ved Dartmouth College og underviser ved King's College i London. Ho har arbeidet med jus og samfunn og undersøkt korleis juridiske og sosiale institusjonar samhandlar, med særleg vekt på kjønns rolle i jus. Bohmers forskingsinteresser i dag er på innvandrings- og asylfeltet. Ho har skrive Rejecting Refugees: Political Asylum in the 21st Century (2007) saman med Amy Shuman, og dei to har forfatta Political Asylum Deceptions: The Culture of Suspicion, som skal givast ut på Palgrave MacMillan.