Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Partidebatt - val 2017: Kva står på spel i utanrikspolitikken?

I ei verd prega av endringar, meir uvisse og konfliktar, har det mykje å seie for Noreg kva utanrikspolitikk vi vel å føre. Så kva står på spel i utanrikspolitikken i valet 11. september? Kvar står partia på dei viktigaste utanrikspolitiske sakene? Og kva tenkjer folket om dei?
30 august 2017
08:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Litteraturhuset, Oslo
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Norsk

Utanrikspolitikk kjem neppe til å dominere valkampen, noko som eigentleg er paradoksalt. Ei rekkje saker som dominerer den internasjonale dagsordenen kan ha stor innverknad på forholda heime i Noreg: Vil Vestens sanksjonar mot Russland strammast ytterlegare til? Vil ei ny migrasjonsbølgje frå Syria no oss? Kva vil Brexit bety for samarbeidet i Europa? Korleis skal vi takle ein auka terrortrussel? Vil eit Trump-leidd USA framleis vere den viktigaste forbundsfellen vår ? Norske politiske parti har ulike syn på desse spørsmåla, så det er gode grunnar for å diskutere utanrikspolitikk før valet.

Vi inviterer til frukostdebatt på Litteraturhuset for å kaste lys over dei politiske partias - og folkets - synspunkt på norsk utanrikspolitikk før vi går til valurnene i september. Frå dei ulike partia kjem:

SP: Sigbjørn Gjelsvik

SV: Bård Vegar Solhjell

Frp: Christian Tybring-Gjedde

AP: Anniken Huitfeldt

V: Ola Elvestuen

KrF: Hilde Frafjord Johnson

H: Trond Helleland

MdG: Kristin Antun

Raudt: Bjørnar Moxnes

NUPI-direktør Ulf Sverdrup opnar debatten, og Terje Svabø leiar han gjennom morgontimane. Bakteppet for debatten er ei omfattande undersøking gjort av NUPI som har sett på folkets haldning til og interesse for utanrikspolitikk.

Les Sverdrups kronikk om norsk utanrikspolitikk på dagsordenen i stortingsvalet her.

Vi serverer lett frukost og kaffi frå 08.00. Debatten startar 08.30 og varer til 10.00. Vi reknar med at det blir fullt, så hugs å registrere deg tidleg.

Debatten blir send live på NUPIs Youtubekanal:

Deltakere

Hilde Frafjord Johnson
Generalsekretær, KrF
Ola Elvestuen
Stortingsrepresentant og nestleder, V
Christian Tybring-Gjedde
Stortingsrepresentant (FrP)
Bård Vegar Solhjell
Generalsekretær, WWF Verdens Naturfond
Anniken Huitfeldt
Stortingsrepresentant (Ap) og leder for Utenriks- og forsvarskomiteen
Sigbjørn Gjelsvik
Sekretariatsleder, Sp
Trond Helleland
Stortingsrepresentant, H
Bjørnar Moxnes
Partileder, Rødt
Kristin Antun
2. kandidat, Akershus MdG

Ordstyrer

Terje Svabø
30 august 2017
08:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Litteraturhuset, Oslo
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Norsk