Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Militærmaktseminaret 2017 - The Defence of Europe

Med eit Europa i endring og Russland som nabo i aust, står Noreg overfor fleire store spørsmål rundt sitt eige forsvar i åra som kjem. Årets Militærmaktseminar som blir arrangert av Forsvarets høgskole og NUPI ser nærare på desse utfordringane.
21 november 2017
08:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Ridehuset, Akershus festning
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Nord-Amerika
  • Engelsk

Ulike forståingar av kva som truar oss har ført til spenningar internt i NATO. Nokre medlemsland fokuserer på Russland, mens andre er meir opptatte av truslane frå sør. Det er også store forskjellar i samfunnsverdiar, militære budsjett og tryggingspolitikk mellom Nato-landa. Samtidig held fram land som Noreg å basere forsvaret sitt på antakinga om at USA vil stå ved tryggingsgarantien sin til Europa på same måte som før. 

Årets Militærmaktseminar adresserer desse temaa og utfordrar etablerte sanningar og antakingar. Korleis oppfattar ulike europeiske land trusselen frå Russland? Vil USAs tryggingsgaranti framleis gjelde? Kva er implikasjonane for europeiske forsvar? Korleis vil implikasjonane av desse spørsmåla påverke Noregs forsvarsstruktur og strategiske stilling? Kort sagt: Kva skal vere Europas forsvar?

Program:

08.30-09.00 

Registrering

09.00-09.10 

Opning ved Kontreadmiral Louise Kathrine Dedichen, sjef for Forsvarets høgskole

09.10-09.30

Introduksjon, Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

09.30-10.45

Introduksjon og bakgrunn: Truslar og oppfatninga av truslar.

 

Professor Walter Russell Mead, Hudson Institute: "The Status of the West": Professor Mead tar ein nærare titt på den vestlege alliansen, ni månader etter at Trump kom til makta, ulike europeiske val som det i Frankrike og i Tyskland, og ikkje minst Brexit. Han skal snakke om noko som syn trumpadministrasjonen har på NATO og kva han forventar av Europa. Meads innlegg set spørsmålsteikn ved gyldigheita av dei grunnleggjande prinsippa i det norske totalforsvarskonseptet: avhengnaden av alliert assistanse.

 

Mr. Keir Giles, Chatham House: “The Status of Russia”: Giles vil leggje fram eit kritisk syn på den politiske og militære trusselen Russland representerer i dag og i tiåra som kjem. Han vil trekkje fram Kremls syn på den noverande tryggingsordenen i Europa, og dens sannsynlege strategiske intensjon sett i lys av dette. Vidare vil Giles sjå på Russlands faktiske militære kapasitet, strategisk innretning og styrkedisponering. Til slutt vil han sjå nærare på om Europa eigentleg bør bekymre seg over den store naboen sin i aust, og han vil leggje vekt på Noregs situasjon sett i lys av ei lang historie med fred og samarbeid med Russland.

 

Q&A og diskusjon. Ordstyrar: Anders Romarheim, IFS

10.45-11.15

Kaffipause

11.15-12.30

Den noverande og framtidige utviklinga av europeisk militær kapasitet: 

Kva tryggingstruslar bestemmer kva eit lands nasjonale forsvar skal prioritere? Korleis blir Russland oppfatta? Korleis speglar dagens haldningar dei ovenfornevnte trusseloppfatningar og prioriteringar? Korleis passar det nasjonale forsvaret inn i NATOs strukturar, og korleis er forpliktinga til NATO balansert med det bilaterale forholdet til USA? Korleis vil desse problema endre seg dei neste fem til ti åra? Er det markante endringar på gang?

 

Tyskland: Dr Claudia Major, Stiftung Wissenschaft und Politik

 

Frankrike: Etienne de Durand, Directorate General for International Relations and Strategy

 

Storbritannia: Dr Robert Johnson, University of Oxford.

 

USA: Andrew Michta, Dean, College of International and Security Studies, George C. Marshall European Center for Security Studies

 

Noreg: Prof Janne Haaland Matlary, Institutt for statsvitskap, UiO og Forsvarets stabsskule

12.30-13.15

Lunsj

13.15-14.45

Diskusjon og Q&A. Ordstyrar: Anders Romarheim, IFS

14.45-15.00

Kaffipause

15.00-15.20

Karsten Friis, leiar for forskingsgruppa for forsvar og tryggleik, NUPI: "Once upon the time there was a West?" Concluding reflections on the future of the Alliance. 

15.20-15.30

Konklusjon ved Ulf Sverdrup, direktør ved Norsk Utenrikpolitisk Institutt (NUPI).

21 november 2017
08:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Ridehuset, Akershus festning
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Nord-Amerika
  • Engelsk