Arrangement
Frukostseminar: Japans tryggleiks- og utanrikspolitiske utfordringar på den koreanske halvøya
Interkontinentale missil blei viste frami juli, missiloppskytinga i august som flaug over det japanske territoriet, og ei atomprøvesprenging no i september viser tydeleg at Nord-Koreas atom-, og missilverksemd har blitt det statsminister Shinzo Abe beskriv som eit "nytt nivå av trussel" for Japans nasjonale tryggleik.
Japan har styrkt forsvarsstillinga si med USA, og styrkt tryggingssamarbeidet sitt med Sør-Korea for å handtere desse utfordringane frå Nord-Korea. Japans statsminister Abe og Sør-Koreas president Moon har inngått semje om å jobbe tett saman for å utvide tryggingsbanda med USA, trass i historiske problem mellom Japan og Sør-Korea. Det står likevel att å sjå om begge land kan ta ytterlegare steg vidare i det bilaterale og multilaterale tryggingssamarbeidet med USA. Denne presentasjonen vil sjå nærare på Japans noverande innsats for å handtere Nord-Korea, og fokuserer hovudsakleg på tryggingstriangelet Japan, USA og Sør-Korea.
Junya Nishino er professor ved institutt for statsvitskap ved Keio University i Tokyo. Han fungerer også som direktør Center for Contemporary Korean Studies same stad. Hans forsking fokuserer på moderne koreansk politikk, internasjonale relasjonar i Aust-Asia og Japan-Korea relasjonar. Tidlegare jobba Nishino som spesialanalytikar for koreanske spørsmål i etterretnings- og analysetenesta til det japanske utanriksdepartementet.
Ordstyrar er NUPI-forskar Wrenn Yennie Lindgren.
Frukost blir servert frå 08.30, arrangmentet startar klokka 09.00.