Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Forsvarspolitisk djupdykk

Norsk forsvarspolitikk har gått gjennom store endringar sidan slutten av den kalde krigen. I ei fersk bok analyserer Nina Græger denne politikken gjennom 25 år. Velkommen til lanseringsseminar med forfattaren, Kate Hansen Bundt og Anniken Huitfeldt!
30 januar 2017
13:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Utenrikspolitikk
  • Konflikt
  • Norsk

Særleg i åra 1990 – 2005 var norsk forsvarspolitikk og forsvarsstruktur gjenstand for omfattande omstillingar. I ei ny bok viser seniorforskar Nina Græger blant anna korleis Forsvaret og forsvarsmiljø også har stått i vegen for eiga omstilling og utvikling. Til dømes sende Regjering og Storting stadigflere soldatar til fredsbevarande og fredsopprettande operasjonar i utlandet, mens Forsvaret sjølv framleis hadde forsvar av landet som sittprimære fokus. Græger argumenterer for korleis tenking og praksis etablert under den kalde krigen bremsa ei politisk ønskt omstilling frå invasjonsforsvar til eit innsatsforsvar tilpassa internasjonale operasjonar.

Vi inviterer til ope lanseringsseminar med enkel servering for «Norsk forsvarspolitikk. Territorialforsvar og internasjonal innsats 1990–2015» (Scandinavian Academic Press). Her vil Græger i samtale med Kate Hansen Bundt, generalsekretær i Den Norske Atlanterhavskomité og styreleiar for NUPI, gi ny innsikt i ei rekkje spørsmål knytt til norsk forsvarspolitikk, også i lys av dagens trusselbilete. Anniken Huitfeldt (Ap), leiar for Stortingets utanriks- og forsvarskomité, innleier og ønskjer velkommen.

Norsk utanriks-, tryggleiks- og forsvarspolitikk er tett sammenvevet, og påverkast både av endringar i trusselbiletet og samarbeidet med nære allierte, særleg i NATO. Men Græger løfte også fram dei nasjonale føresetnadene for handling, og korleis dei fremjar kontinuitet eller endring.

I boka viser Græger vidare korleis forsvarsdebatten blir disiplinert ved at kritikk mot den politiske linja til fleirtalet - enten det gjeld trusselen frå Russland eller deltaking i Afghanistan eller kvinner i Forsvaret - ofte blir avfeia som utdatert, malplassert, politisk motivert osb.

Heilskapstenking har også ofte måtta vike fordi kvar enkelt forsvarsgrein, kvart enkelt politiske parti osb. tenkjer på eige, framfor på Forsvarets beste.

Du kan følgje seminaret live på YouTube:

Program

12.45-13.00:

Servering av kaffi og wienerbrød

13.00 - 14.30:

Innleiing og velkommen ved Anniken Huitfeldt, leiar for Stortingets utanriks- og forsvarskomité

Samtale mellom seniorforskar Nina Græger og generalsekretær Kate Hansen Bundt i Den Norske Atlanterhavskomité

Spørsmål frå publikum

Bidragsytere:

Nina Græger
Forsker I (bistilling)
Kate Hansen Bundt
Styreleder NUPI og generalsekretær i Den norske Atlanterhavskomité
Anniken Huitfeldt
Stortingsrepresentant (Ap) og leder for Utenriks- og forsvarskomiteen
30 januar 2017
13:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Utenrikspolitikk
  • Konflikt
  • Norsk