Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

EUs nye asyl- og migrasjonspolitikk: gammal vin på nye flasker?

NUPI har gleda av å invitere til Kjelleren på Litteraturhuset for å diskutere EUs nye rammeverk som skal takle migrasjonskrisa betre enn før.
05 juni 2017
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Kjelleren, Litteraturhuset
Seminar

Temaer

  • Humanitære spørsmål
  • EU
  • Engelsk

Sidan slutten av 2015 har EU vore avhengig av ekstern hjelp for å takle migrasjonskrisa og unionen har mangla styrke til å overkomme dei politiske utfordringane når det gjeld fordeling internt i unionen. Dei to viktigaste pilarane i EUs nye migrasjonsstrategi er dermed eksterne: avtalen med Tyrkia frå mars 2016 og migrasjonsavtalane med land i Afrika innanfor Migration Partnership Framework frå juni 2016.  Kva er eigentleg nytt i desse rammeverka? Korleis blir dei implementerte? Kor stor er risikoen for at dei støyter tilbake, både politisk og operativt? Kva for nokre konkrete alternativ kan ein sjå for seg? 

Ferruccio Pastore (PhD) er direktør for International and European Forum for Migration Research (FIERI). Tidlegare har han vore assisterande direktør for tankesmia Centre for International Policy Studies i Roma (CeSPI) og postdoktor ved universitetet i Firenze. I tillegg til forskinga har han arbeidd som rådgivar i migrasjonspolitiske spørsmål for det italienske forskingsrådet, Schengens parlamentariske komité og store internasjonale organisasjonar som ILO og IOM.

Morten Bøås (PhD) er seniorforskar på NUPI og jobbar i hovudsak med tema knytt til fred og konflikt i Afrika, inkludert problemstillingar som landsrettar og statsborgarskapskonfliktar, ungdom, eks-stridande og det nye landskapet som teiknar seg med omsyn til opprør og geopolitikk. Han vil halde eit innlegg med tittelen "Imaging an other life trajectory: push and pull effects in the pathway to Europe".

Ordstyrar er seniorforskar på NUPI, Pernille Rieker.

Arrangementet er ein del av prosjektet "Noreg møter Europa" og EUNPACK.

Talere

Ferruccio Pastore
Direktør, FIERI
Morten Bøås
Forsker I

Relaterte prosjekter

Seminarserie
2015 - 2022 (Avsluttet)

Norge møter Europa

Europa er i stadig endring. Ettersom Norge er en del av Europa og tett sammenvevd med EU så vil økonomiske, og politiske endringer på kontinentet ha store virkninger for landet....

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
05 juni 2017
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Kjelleren, Litteraturhuset
Seminar

Temaer

  • Humanitære spørsmål
  • EU
  • Engelsk