Arrangement
EUs globale strategi i ei endra verd
Direktør ved the European Union Institute for Security Studies, Antonio Missiroli, gjestar NUPI 15. mai for å snakke om EUs globale strategi i lys av det siste årets internasjonale politiske storhendingar – frå Brexit og det amerikanske valet til det mykje omtalte franske valet, og Frankrikes nye president Macron.
Berre timar etter den britiske folkeavstemminga i fjor lanserte EUs Høyrepresentant for utanrikssaker og tryggingspolitikk, Federica Mogherini, EUs Globale Strategi. Sidan har arbeidet med å etterleve den strategiske visjonen vore pågåande, men har måtta ta omsyn til stadig nye utfordringar både innanfor og utanfor unionen. Dette seminaret vil ta for seg moglegheitene og avgrensingane som dagens kontekst inneber for EUs globale strategi, og dessutan utsiktene framover.
Seminaret er ein del av Noreg møter Europa-prosjektet.
Ordstyrar er seniorforskar på NUPI, Pernille Rieker.
Arrangementet blir strøymt live på YouTube-kanalen vår: