Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

EUs globale strategi: eit sterkare Europa i ei sårbar verd

Nathalie Tocci besøkjer NUPI for å snakke om den nye boka si som gir eit unikt innblikk i EUs interne prosessar.
23 oktober 2017
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • EU
  • Engelsk

Nathalie Tocci er direktør i Istituto Affari Internazionali i Italia og spesialrådgivar for EUs HRVP Federica Mogherini. Tocci hadde ei særs sentral rolle i utarbeidinga av EUs globale strategi (European Union Global Strategy – EUGS). I boka “Framing the EU's Global Strategy. A Stronger Europe in a Fragile World”, gir Tocci lesaren ei unik innsikt i EUs utanrikspolitiske avgjerdsprosessar og strategiske forståing.

Nathalie Toccis rolle som spesialrådgivar til Mogherini, forfattar av EUs globale strategi og uavhengig akademikar, gjer at lesarar av boka får eit innblikk i interne prosessar og kunnskap som ein elles berre kan opparbeide seg på innsida av avgjerdsprosessen. Samtidig gir den uavhengige rolla hennar som akademikar oss ein edrueleg analyse frå ståstaden til ein utanforståande observatør.

Etter å ha lese boka, utalne tidlegare generalsekretær i NATO, Javier Solana, at boka må lesast av alle som ønskjer å forstå kva EU kan og bør gjere i det utanriks- og tryggingspolitiske landskapet. Boka gir oss ikkje berre innsikt i kva EUs globale strategi inneber og intensjonane bak, men ho tilbyr også ei djuptgåande innsikt i korleis ein skaper ein meiningsfylt konsensus i ein organisasjon med 28 medlemsland.

Boka reflekterer rundt utviklinga av EUs tryggleiks- og utanrikspolitikk dei siste 13 åra, sidan lanseringa av European Security Strategy i 2003. I lys av dei drastiske endringane i den europeiske tryggingssituasjonen dei siste åra, er dette ei særs aktuell bok som ikkje berre fremjar forståinga vår av European Union Global Strategy, men også aktuelle utfordringar som til dømes Brexit. 

I tillegg til overnemnde stillingar er Nathalie Tocci er også æresprofessor ved Universitetet i Tübingen, og redaktør for The International Spectator. Tidlegare har ho hatt forskarstillingar ved Centre for European Policy Studies i Brussel, Transatlantic Academy i Washington og ved Robert Schuman Centre for Advanced Studies i Firenze.

Ordstyrar er seniorforskar ved NUPI Pernille Rieker.

Arrangementet blir strøymt på YouTube.

Taler

Nathalie Tocci
Director of Istituto Affari Internazionali and Special Advisor to EU High Representative Josep Borrell
23 oktober 2017
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • EU
  • Engelsk