Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

BOKLANSERING: French Foreign Policy in a Changing World

NUPI-forskar Pernille Rieker snakkar om den nye boka si om fransk utanrikspolitisk utvikling og korleis denne påverkar forholdet landet har til blant anna Russland, USA, NATO og kampen mot terror.
26 september 2017
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • EU
  • Engelsk

Boka «French Foreign Policy in a Changing World. Practising Grandeur» undersøkjer korleis moderne fransk utanrikspolitikk blir praktisert. Frankrikes tradisjonelle maktstatus blir utfordra av både intern og ekstern utvikling. Internt er utfordringane relaterte til arbeidsløyse, integrering, sosial ekskludering, islamistisk terror og auka populisme. Eksternt blir Frankrike utfordra av globale og regionale utviklingar. Dette inkluderer finanskriser, konkurranse frå framveksande statar, auke av EU og eit mektigare Tyskland.

Franskmennene erkjenner at dei ikkje lenger er ei økonomisk eller militær stormakt, men overtydinga om den universelle verdien av fransk sivilisasjon og kultur står framleis sterkt. Boka argumenterer for at dersom Frankrike skal kunne vere hardtslåande i internasjonal politikk, må landet effektivt fremje verdien av «fransk universalisme» og kultur. Rieker undersøkjer korleis dette blir spegla i den moderne franske utanrikspolitikken ved å undersøkje utanrikspolitikk mot utvalde regionar og land, og i forhold til ekstern og intern tryggleik.

Pernille Rieker spesialiserer seg på fransk og EUs utanriks- og tryggingspolitikk, og under dette arrangementet kjem ho til å sjå nærare på korleis fransk utanrikspolitikk har endra seg dei siste 10-15 åra. Vidare vil ho vise denne endringa empirisk i Frankrikes forhold til Russland, Afrika og USA, og dessutan i forholdet til NATO og kampen mot terror.

Til å diskutere dette har ho med seg Kate Hansen Bundt og Frédéric Charillon.

Kate Hansen Bundt er generalsekretær for Den norske atlanterhavskomité. Ho er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo, og hennar faginteresser omfattar Tysklands politiske utvikling og rolle i Europa, den europeiske integrasjonsprosessen (EU) og dei transatlantiske relasjonane (NATO).

Frédéric Charillon er professor i statsvitskap ved Universitetet i Auvergne. Han underviser også ved Sciences-Po i Paris, ENA i Paris og fleire utanlandske universitet. Arbeidet hans fokuserer på fransk utanrikspolitikk og komparativ politikk, forsvar og internasjonale relasjonar.

Vi serverer croissantar og kaffi. Velkommen!

Deltakere

Pernille Rieker
Forsker I
Frédéric Charillon
professor, Universitetet i Auvergne

Ordstyrer

Kate Hansen Bundt
Generalsekretær i Den norske Atlanterhavskomitè.
26 september 2017
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • EU
  • Engelsk