Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

UD-historier - norsk diplomati før og no

Kva karakteriserer det norske Utanriksdepartementets historie? Og kva kan vi lære om dagens norske diplomati ved å studere historia?
05 juni 2016
13:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Norsk

Utanriksdepartementets Christian Syse (ass.utanriksråd) og Jon Bech (tidlegare ambassadør) stod i 2015 for eit omfattande innsamlingsarbeid av utanrikshistoriske tekstar. Tekstane, som blei samla i eit fleire tusen siders kompendium kalla "UD-historier - nyttig gammalt nyt i Utenrikstjenesten", gir verdifulle innblikk i storhendingar og personlegdommar i norsk utenrikpolitisk og UDs historie. Materialet er henta frå stortingsdokument og frigitte referat frå Den utvida utanriks- og konstitusjonskomité, memoarbøker og biografiar, avisartiklar, UD-posten, utanrikspolitisk litteratur og UDs eigne arkiv.

Formålet med samlinga er å løfte historiekunnskap og gi historisk djupne, lærdom og tilhøyrsel - for UDs tilsette og aspirantar, men også for den politisk interesserte allmenta.

NUPI har no gleda av å kunne presentere samlinga.

I dialog mellom NUPIs Iver Neumann og ass. utanriksråd Christian Syse, vil vi også spørje:

Kva pregar norsk utanrikspolitisk og diplomatisk historie, og kva linjer kan trekkjast fram mot dagens norske utanrikspolitikk? Korleis er relasjonen mellom forskinga og forvaltninga på det utanrikspolitiske feltet? Og kvifor har det historisk vore lite utanrikspolitisk debatt i Noreg, og med lita deltaking frå Utanriksdepartementet?

Vel møtt!

Sjå opptaket av seminaret på YouTube:

Program:

  • Velkommen, ved Halvard Leira, NUPI
  • Kvifor eit slikt historiekomependium? ved Christian Syse, UD
  • Presentasjon av "UD-historier" ved Jon Bech, UD
  • Samtale mellom Christian Syse, UD og Iver Neumann, NUPI
  • Spørsmål og diskusjon

Innledere

Christian Syse
Assisterende utenriksråd
Jon Bech
Tidl. ambassadør
Iver B. Neumann
Tidligere ansatt
05 juni 2016
13:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Norsk