Arrangement
Teoriseminar: Triangulering av verdiar: Korleis frivillige organisasjonar fordeler midlar til humanitær hjelp og arbeid for menneskerettar
I dei siste tiåra har einingar og kontor oppretta av frivillige organisasjonar (NGOs) tatt ei viktigare rolle i styringsprosessane, dvs. i dei prosessane som påverkar distribusjonen av ressursar. Både Ngos med ansvar for humanitær hjelp og menneskerettsorganisasjonar er forplikta i forhold til universielle verdiar eller dei har globale ambisjonar. Så korleis blir forpliktingane omsette til spesifikke aktivitetar og allokering av ressursar til bestemde stader og mottakargrupper? Dette innlegget byggjer på djupneintervju av sentrale administratorar i eit breitt sett av internasjonale humanitære organisasjonar og menneskerettsorganisjonar. Rutinane til organisasjonane og vanleg, kvardagsleg praksis bestemmer fordelinga av ressursar. Det blir diskutert kva rolle "prosjekt" som arbeidsreiskap har for humanitær hjelp og korleis krav til god prosjektstyring påverkar Ngos. Vidare blir det vist korleis organisasjonsform og dagsaktuelle tema styrer ressursbruken og korleis eit avgrensa sett av aksepterte arbeidsmåtar formar kva organisasjonar gjer eller ikkje gjer. Betydninga av merksemdrettinga til organisasjonane, reiser spørsmål om det er behov for politiske ordningar på eit globalt nivå.
Monika Krause er seniorforskar, Department Sociology, Goldsmiths, University of London. Ho har ein Ph.D. i sosiologi frå New York University og ein MA i politisk sosiologi frå London School of Economics .