Arrangement
Mineralsektoren i Nord Kivu, den Demokratiske Republikken Kongo (DR Kongo): moglegheiter og utfordringar.
Ein kombinasjon av fallande råvareprisar, ein deprimert kinesisk etterspurnad og forverra økonomiske forhold verda over har ramma mineralsektoren hardt i DR Kongo og spesielt den austlege delen av Kivu provinsane, ein region som allereie har lidd ei rekkje gjentatte opprør og krigar sidan 1990. Nord-Kivu er tradisjonelt kjent for landbruksprodukta sine og coltan boomen i 2000 sette provinsen på kartet over mineralprodusentar på eit tidspunkt då også elektronikkindustrien skapte ein høg etterspurnad etter Colombo-Tanta, som blir brukt i smarttelefonar og andre elektroniske einingar. Den høge etterspurnaden etter coltan fall då den andre Kongo krigen starta (1998 - 2003), som var forårsaka av år med dårleg styresett, systematisk statleg korrupsjon, auka fattigdom og etniske skiljelinjer. På grunn av dette blei mineralproduksjonen frå Kivu kjent som "blod mineral" fordi mange (men ikkje alle) væpna grupper genererte inntekter frå kontroll av artisanal mineralutvinning eller handelsruter.
Blant dei ulike verktøya sat på plass for å regulere den kongolesiske gruvesektoren, har den amerikanske Dodd-Frank loven og seksjon 1502 hatt ein betydeleg negativ påverknad lokalt. Selskap som driv med sourcing av Tin, Wolfram og Tanta frå regionen har vore tvinga til å bevise at deira forsyningskjede har vore fri for konfliktmineral. Frykta fór ikkje å vere i stand til å bevise noko på grunn av eit ekstremt vanskelege driftsmiljø i DRC har pressa dei til å stoppe sourcing frå Kivu. Det har vore gode intensjonar for å betre openheit og due diligence rundt mineralutvinning. Ein gruvesektor reform som ønskjer å gjere det mogleg for gruveinntekter å bidra til betre utvikling er i seg sjølv ein god ting. Likevel er ikkje dette nok for å løyse dei underliggjande problema. I dette seminaret vil Aloys Tegera diskutere kva slags løysingar som kan hjelpe til å forstå dei underliggjande årsakene til konflikt i Kongo og korleis det krev meir omfattande fredsbyggande tiltak.
Aloys Tegera er forskingsdirektør på Pole Institute, eit forskingsinstitutt i Goma, Dr Kongo. Med tida har Pole Institute blitt kjent som ein think tank i Great Lakes regionen som jobbar med problemstillingar knytt til natur ressursar, styresett og identitet. Aloys Tegera har ei master i religiøse studiar og mastar i samfunnsvitskap og økonomi. Han har også ei doktorgrad i historie og er ein av grunnleggjarane av Pole Institute der han var leiar frå 2000 til 2009.
Program 14.00-15.30
Velkommen ved Morten Bøås
Presentasjon av Aloys Tegera
Q&A