Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Militærmaktseminaret 2016: Forsvaret i krise og krig - Rusta for ei ny tid?

Militærmaktseminaret blir arrangert for 18. gong, og er eit samarbeid mellom Forsvarets høgskole (FHS) og Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).
08 november 2016
08:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Gamle Logen
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Norsk

Forsvaret har endra fokus og struktur radikalt sidan 1990-talet sjølv om dets tradisjonelle kjerneoppgåve (nasjonalt forsvar) har vore uendra. Trenden har gått frå eit mobiliseringsbasert invasjonsforsvar til eit slankare innsatsforsvar med stort innslag av vervet personell. Krisehandteringsoperasjonar utanlands har vore norma, ikkje unntaket. Som følgje av Russlands auka bruk av militære verkemiddel internasjonalt, har likevel den nasjonale forsvarsoppgåva blitt aktualisert i dei seinare åra. Dermed oppstår det også ei rekkje problemstillingar knytt til Forsvarets strategiske innretning, doktrine, struktur, og våpensystem. Det er samtidig uklart kva eit meir uføreseieleg og militært kapabelt Russland inneber for Noreg. Trusselbiletet er samansett, og verken innsatsforsvar eller det gamle invasjonsforsvaret synest relevante. Korleis kan vi best handtere kriser, skremme og forsvare oss i ei ny tid?

For å svare på dette spørsmålet tar årets militærmaktseminar for seg tre hovudtema:
•    Verdiar, truslar og strategi
•    Forsvarets rolle i alvorlege nasjonale kriser
•    Nasjonalt forsvar i krig

Nyttige introduksjonar til tematikken til seminaret:

FHS' podkast 'På krigsstien': Forsvarets bistand til politiet

NUPI-forskar Karsten Friis' kronikk Kva skal Forsvaret forsvare?

Sjå programmet her.

Militærmaktseminaret blir strøymt på NUPIs youtube-kanal:

08 november 2016
08:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Gamle Logen
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Norsk