Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Krisene i Midtausten, Pakistan og islam

Korleis påverkar debatten om islam pakistansk politikk?
13 januar 2016
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Engelsk

Kva rolle speler islam i pakistansk politikk? Og kva effekt har islam på Pakistans tilnærming til krisene som går føre seg i Midtausten?

NUPI har gleda av å invitere til det opne seminaret The crises in the Middle East, Pakistan and Islam,  med direktør Khalid Rhaman ved IPS.

Midtausten står overfor ei rekkje kriser. Bak desse krisene ligg geografiske og historiske faktorar, så vell som politiske og økonomiske. Det sekteriske skiljet i muslimske samfunn er også ein viktig del av denne konteksten.

Gitt Pakistans plassering, identitet og relasjonar og interesser med landa i regionen, er det i den noverande situasjonen ikkje mogleg for Pakistan, som har verdas nest største muslimske befolkning, å stå på sidelinja av Midtausten-krisa. Alle utviklingar i regionen Midtausten påverkar, direkte eller indirekte, Pakistan.

På dette seminaret analyserer Khalid Rhaman den siste utviklinga i Midtausten med fokus på Pakistans tilnærming til utviklinga og kva policy-alternativer landa har med omsyn til desse.

Rhaman er direktør for tankesmia Institute of Policy Studies (IPS) i Islamabad. Rhaman har meir enn 25 års erfaring med forsking, rettleiing og leiing. Han har stått for over 600 seminar og rundebordmøte ved IPS og har vore involvert i organiseringa av både forskings- og rettleiingsprogram ved instituttet. Hovudsakleg har Rhaman forska på nasjonal og regional politikk, med eit aktivt fokus på Afghanistan, Pakistan-Kina-relasjonar og madsrassa. Han har forfatta og redigert over 20 publikasjonar ogen rekke artiklar. Han er også redaktør for IPS-tidsskriftet Policy Perspectives.

IPS er ein uavhengig, non-profit-organisasjon som arbeider med å fremje polict-orientert forsking.

Hovedtaler

Khalid Rahman
Direktør, Institute of Policy Studies (IPS)
13 januar 2016
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Engelsk