Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Korleis verne borgarar i utlandet? Plikta til å hjelpe og verne

Globaliseringa gjer at stadig fleire borgarar er utanfor landegrensene. Kva for nokre lovpålagde krav om vern har borgarar som oppheld seg i utlandet? Kva inneber slik bistand eller støtte i praksis – og kven definerer kva individ som har rett på vern eller omsorg?
24 november 2016
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Engelsk

Globaliseringa gjer at stadig fleire borgarar er utanfor landegrensene til kvar tid , enten som arbeidstakarar i internasjonale bedrifter, NGO-ar og internasjonale organisasjonar, eller som turistar, studentar og pensjonistar. Samtidig er det i aukande grad forventa at statar tar vare på borgarane sine i utlandet, både i form av offentlege stønader, eller viss borgarar er i ein krisesituasjon (f.eks.ved terrorangrep eller naturkatastrofe). I kva grad evnar statar å vise omsorg for og verne eigne borgarar i utlandet? Kva for nokre lovpålagde krav om vern har borgarar som oppheld seg i utlandet eller er dette snarare eit etisk spørsmål om kva statar ønskjer å tilby borgarane sine? Kva inneber slik bistand eller støtte i praksis – og kven definerer kva individ som har rett på vern eller omsorg? Dette er spørsmål som dette seminaret ønskjer å setje søkjelys på som del av forskingsprosjektet ‘The Duty of Care: Protecting Citizens Abroad'.

Seminaret diskuterer korleis ulike statar opererer med ulike definisjonar og praksisar i forhold til kven som tilhøyrer det politiske samfunnet og som har krav på vernet og omsorga til staten, og kven som ikkje har det. I ei tid der grenser får stadig mindre betydning er denne typen spørsmål relevante både for praktisk politikk og for kunnskapsutviklinga.

Les også Kvar hender det: Sviktar UD norske borgarar i krise?

Taler

Xavier Guillaume
University of Groningen
24 november 2016
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Engelsk