Arrangement
Korleis styrke forsoningsdiplomatiet? Perspektiv frå Sri Lanka
Sri Lankas utanriksminister Mangala Samaraweera besøkjer Noreg i samband med Verdenskongressen mot dødsstraff. Han representerer ei regjering som etter at ho kom til makta i 2015 har tatt ei ny og konstruktiv haldning til minoritetane i landet. Sri Lanka er no i gang med eit stort arbeid for forsoning mellom singhalesere, tamilar og muslimar i kjølvatnet av borgarkrigen som blei avslutta i 2009, og dette arbeidet er også forankra i FNs råd for menneskerettar. Som del av besøket ønskjer utanriksminister Samaraweera å halde eit foredrag om dette viktige arbeidet.
Utanriksminister Mangala Samaraweera
Fødd 21.04.56. Utdanna i klesdesign og -teknologi frå St. Martins School of Art i London. Utanriksminister sidan januar 2015. Blei medlem av parlamentet i 1989 og har hatt fleire minister¬postar sidan, blant anna «Post & Telecommunications», «Urban Development, Construction and Public Utilities» og «Ports and Aviation». Blei utnemnt til utanriksminister av dåverande president Rajapakse frå 2005 – 2007. Det blei oppstandelse då han i 2007 blei avsett, etter å ha falle i unåde hos presidenten, og deretter starta eit nytt politisk parti; Sri Lanka Freedom Party (Mahajana) Wing. Partiet blei i 2010 slått saman med United National Party. Mangala var sentral i Sri Lankas co-sponsoring av resolusjonen i FNs menneskerettsråd i 2015 og går føre i ¬myndig¬planane til hetane for implementering av denne.
Program:
- Velkommen
- Foredrag ved Sri Lankas utanriksminister Mangala Samaraweera
- Spørsmål og svar