Arrangement
Kinas "Belt Road"-initiativ og den nye eurasiske ordenen
Etter at Xi Jinping blei leiar i 2012, har han styrt utanrikspolitikken i ei ny retning. Retningsendringa har vanlegvis blitt analysert ut frå teoriar som "offensiv realisme" og "liberal institusjonalisering".
Callahan bruker likevel "konstruksjonisme" og tar idear og innanrikspolitikk alvorleg som utgangspunkt for utanrikspolitikken. Offisielle og uoffisielle kjelder blir brukte til å knyte saman idear, institusjonar og åtferd i kinesisk utanrikspolitikk.
Særleg blir det lagt vekt på at Beijing kombinerer nye idear (Kinadrømmen, Asiadrømmen, Verdensdrømmen), nye politiske verkemiddel (omfattande diplomati og tryggleik), nye institusjonar (AIIB) og nye prosjekt (BRI) til å lage det som Xi kallar "samfunn med lagnadsfellesskap". Målet er å veve naboland inn i eit sino-sentrert nettverk med økonomiske, politiske, kulturelle og tryggingsmessige samband. Beijings storslåtte strategi vil på denne måten rette opp igjen den eurasiske regionale ordenen – og til sist den globale ordenen – med nye styringsidéer, normer og reglar. Teoretisk, viser essayet korleis "knytninger" handlar om meir enn "hardware" av fysisk infrastruktur; det er også eit "software"-spørsmål bygd på felles idégrunnlag, institusjonar og diplomatisk handling.
Følg seminaret direkte på YouTube:
William A. Callahan er professor i internasjonal politikk ved London School of Economics and Political Science. Hans forsking undersøkjer sambandet mellom kultur og politikk i Kina og Asia, og vurderer samanfall mellom innanriks- og utanrikspolitikk. Hans nyaste bok er China Dreams: 20 Views of the Future (Oxford University Press, 2015). I tillegg til er rekkje skriftlege publikasjonar, er Callahan også ein dokumtentarfilmprodusent: ‘China Dreams' (2013) ligg ute på the Asia Society's nettstad og ‘Mearsheimer vs. Nye on the Rise of China' (2015) finst på The Diplomat's nettstad (for desse og andre filmar, sjå:www.vimeo.com/billcallahan).