Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Internasjonal fred og tryggleik: Korleis styrke samarbeidd mellom FN og AU?

The International Peace Institute (IPI), Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) og Nordiska Afrikainstitutet har gleda av å invitere til eit framtidsretta policy-arrangement om å styrkje det strategiske partnarskapet mellom Den afrikanske unionen (AU) og FN. Arrangementet går føre seg i IPIs lokale i New York.
24 mai 2016
18:00 Europe/Oslo
Språk:
International Peace Institute, New York
Seminar

Temaer

  • Fredsoperasjoner
  • Konflikt
  • Internasjonale organisasjoner
  • FN

Sjølv om FN til sjuande og sist er ansvarleg for internasjonal fred og tryggleik, bidrar samarbeid med regionale organisasjonar i Afrika, Asia, Europa, Midt-Austen og Latin-Amerika til at FN blir meir effektivt enn det hadde vore åleine.

I dagens globale røyndom er forholdet mellom FN og AU avgjerande for internasjonal fred og tryggleik. Fredsoperasjonar i regi av FN og AU er gjensidig avhengige av kvarandre på fleire plan, og det trengst felles innsats for å styrkje og institusjonalisere dette forholdet.
Presentasjonane på dette arrangementet identifiserer kva element i dette forholdet som treng å styrkjast ytterlegare i dei kommande månadene, og vil gi konkrete tilrår på nøkkelområde som felles analyse og planlegging, støtte og finansiering, overgangar og felles studiar av «lessons learned».

Den ferske boka The Future of African Peace Operations: From Janjaweed to Boko Haram (Cedric de Coning, Linnea Gelot og Jon Karlsrud) vil også bli diskutert på seminaret. Sjå meir informasjon om boka på Zed Books' nettsider.
OBS! Merk at dette arrangementet finst stad i IPIs lokale i New York. Tilgang krev påmelding via IPIs nettsider. Les meir om paneldeltakarane og program og meld deg på her.

Relaterte publikasjoner

Publikasjoner
24 mai 2016
18:00 Europe/Oslo
Språk:
International Peace Institute, New York
Seminar

Temaer

  • Fredsoperasjoner
  • Konflikt
  • Internasjonale organisasjoner
  • FN