Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Flyktningstraumen over Storskog: Stod Russland bak?

Cappelen Damm og NUPI inviterer til Akademisk Frokost med panelsamtale og lansering av Nordisk Østforum (NØF) i heildigital drakt.
21 juni 2016
08:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Cappelen Damm, Akesgata 47/49
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Russland og Eurasia
  • Norsk

Hausten 2015 kom ein stor flyktningstraum over grensa mellom Russland og Noreg. Aldri før har ein sett ein liknande aktivitet i området. Kva var årsakene til denne utviklinga? Er det rimeleg å sjå på flyktningstraumen som ein del av russisk «hybridkrigføring»? Eller seier den norske mediedekninga meir om forholdet mellom Russland og Noreg enn om russisk politikk?

Desse spørsmåla er tema for Akademisk frukost i Cappelen Damms lokale 22. juni, og for ein artikkel av Arild Moe og Lars Rowe i det ferske nummeret av Nordisk Østforum (NØF).

Etter 29 år i papirversjon har NUPI-tidsskriftet blitt gratis og heildigitalt tilgjengeleg for alle på nytt forlag – Cappelen Damm Akademisk / Nordic Open Access Scholarly Publishing (NOASP).

Arrangementet er ope for alle og gratis, men krev påmelding via NUPIs nettsider (klikk på "påmelding").

Velkommen!

Arrangementet er støtta av Tidsskriftforeningen, Kulturrådet og Fritt Ord.

Program (Frukost frå 08.00, fagleg program 08.30 - 10.00):

  • Velkommen ved redaktør Helge Blakkisrud (NUPI)
  • Arild Moe (Fridtjof Nansens Institutt)
  • Thomas Nilsen (Barents Observer)
  • Guri Tyldum (FAFO)
  • Kjell Dragnes (tidl. utanriksredaktør i Aftenposten)
  • Panelsamtale og spørsmål frå publikum
  • Samtalen blir leidd av redaktør Natalia Moen-Larsen (NUPI).

Merk at Akademisk frukost finn stad hos Cappelen Damm.

Innledere

Thomas Nilsen
Redaktør, Barents Observer
Arild Moe
Seniorforsker, FNI
Guri Tyldum
Seniorforsker, Fafo
Kjell Dragnes
Tidligere utenriksredaktør, Aftenposten
21 juni 2016
08:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Cappelen Damm, Akesgata 47/49
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Russland og Eurasia
  • Norsk