Arrangement
Den valdelege byen: Humanitære aktørars rolle
Humanitære aktørar har i det siste tiåret fått ei ny utfordring: å ta omsyn til "den valdelege byen". Utfordringa er både praktisk og organisatorisk. Praktisk: skape engasjement i byane som kan førebyggje valdsbruk. Organisatorisk: endre den tradisjonelle arbeidsforma til organisasjonane. Den vanlege merkelappen for utfordringa er "urban vald". Men fangar merkelappen opp kva som eigentleg skjer?
Kva består utfordringane med å ta opp sosiale problem i byen i? Kva for nokre sosiale problem er det tale om og korleis skal dei løysast? Kan ein ta omsyn til kriminelle som om dei var humanitære agentar? Kva behov for vern finst det i byane, og korleis kan slik vern blir sikra?
Dette seminaret markerer avslutninga av forskingsprosjektet "Væpna vald i urbane område", som har prøvd å sjå sentrale spørsmål utanfrå. Seminaret samlar ei rekkje forskarar og fagfolk frå humanitære organisasjonar som presenterer nokre av svara sine på utfordringane reist av prosjektet.
Elena Lucchi har vore humanitær feltarbeid og operativ rådgivar for urbane operasjonar i Leger utan grenser i Spania. Ho har skrive ein rapport for ALNAP (Active Learning Network for Accountability and Performance) om humanitært engasjement og urban vald og ho har publisert fleire artiklar om emnet.
Pardis Shafafi har ein PhD i socialantropologi frå University of St Andrews. Ho har arbeidd i ulike frivillige organisasjonar i Havana, London og Berlin, og har bidratt i akademiske publikasjonar, tankesmier og bøker. Ho arbeider for tida i Noregs Røde Kors.
Simon Reid-Henry (PhD, University of Cambridge) har forska på spørsmål om legemiddelfirma, utviklingspolitikk, geopolitikk og humanisme. Han var tidlegare direktør ved Centre for the Study of Global Security and Development, Queen Mary University of London (QMUL). I dag er han ein Leverhulme stipendiat ved QMUL og seniorforskar ved Institutt for fredsforsking (PRIO) i Oslo.
Joakim Hertzberg Ulstein er forskar på NUPI, og jobbar med humanitære organisasjonar, utvikling og utanrikspolitikk. Han er særleg interessert i kunnskapsbaserte praksisar i humanitære organisasjonar. For tida arbeider han med ein PhD i statsvitskap (Universitetet i Oslo) om korleis humanitære organisasjonar blir tilpassa urbane omgivnader med væpna konfliktar. Ulstein har også arbeidd for Flyktninghjelpen i fleire år.
Ole Jacob Sending forskar på global styring, med særleg focus på internajonale og ikkje-statlege organisasjonars rolle i fredsbygging, humanitær bistand og utvikling. Han har publisert i blant anna International Studies Quarterly, European Journal of International Relations og International Theory.
Program 09:00–11:45
09:00-09:10: Velkommen ved Ole Jacob Sending, NUPI
09:10-09:40: Elana Lucchi, uavhengig forskar
09:40:-10:00: Pardis Shafafi, Noregs Røde Kors
10:00-10:45: Simon Reid-Henry, PRIO; Ole Jacob Sending, NUPI and Joakim Ulstein, NUPI
10:45-11:00 Kaffi
11:00-11:45 Rundeborddiskusjon: Simon Reid-Henry, Elana Lucchi, Pardis Shafafi. Ole Jacob Sending, moderator
Seminaret er finansiert av HUMPOL programmet, Noregs forskingsråd.
Det vil bli presentert tre nye Policy Beriefs på seminaret.
Hovedtalere
Relaterte prosjekter
Den voldelige byen
Hvordan håndteres og forstås væpnede angrep i urbane områder av humanitære organisasjoner?...