Arrangement
Den kinesiske framtida
Dei viktigaste globale spørsmåla for dagen er kva framtid Kina vil få. Kina må fatte eit lagnadstungt val som vil bestemme uviklingen av økonomien i landet, samfunnsform, styresett, nasjonal tryggleik og utanrikspolitikk. Retninga Kina vel, vil avgjere om landet held fram eller stoppar velstandsutviklinga si. Kan Kina lykkast med å gjennomføre ei ny reformbølgje i tiåra framover og bli den leiande supermakta i verda? Eller vil leiarane i landet - på grunn av faren for tap av makt - trekkje seg unna nødvendige og drastiske forandringar. Vil dette i så fall føre til stagnasjon og kanskje regimefall? Vil Kina alternativt velje ein meir liberal eller til og med demokratisk veg? Eller vil landet i staden framtre som ein hard, autoritær og aggressiv stormakt?
I den nye boka si, og i forelesinga si ved NUPI, vil Professor David Shambaugh diskutere dei ulike retningane Kina kan ta framover, og i tillegg gjer han greie for kor komplekst Kina eigentleg er.
David Shambaugh, China's Future, Polity Press, 2016
David Shambaugh er professor i statsvitskap og internasjonal politikk på George Washington University, Washington, DC. Han er ein autoritet på notidas Kina og internasjonale relasjonar i Asia. Professor Shambaugh er mykje brukt som kommentator av internasjonale media, rådgivar til regjeringa i USA og medlem av mange organisasjonar på fagfeltet.
Følg seminar direkte på YouTube