Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

BREXIT – dagen etter

På dette seminaret vil Agata Gostyńska-Jakubowska gi si vurdering av korleis resultata av det britiske BREXIT-valet vil påverke Storbritannia i framtida og korleis det vil gå med det europeiske integrasjonsprosjektet i tida framover.
29 juni 2016
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Engelsk

23. juni 2016 var datoen for avstemminga om korleis eit framtidig forhold mellom Storbritannia og EU vil bli. Resultatet kom som ei stor overrasking på mange - Storbritannia stemde for å forlate EU.

Agata Gostyńska-Jakubowska er forskar ved Centre for European Reform (CER) i London. Ho forskar på på den institusjonelle arkitekturen i EU, avgjerdsprosessar i EU, den institusjonelle dimensjonen av EUs økonomiske styresett og differensiert integrasjon. Dei siste månadene har ho følgt og kommentert debatten om BREXIT. På seminaret i her Oslo vil ho dele innsikta si, kommentere resultata av stemmegivinga og gi ei kort vurdering av konsekvensane for Storbritannia og EU.

Før ho byrja i CER, jobba Agata Gostyńska-Jakubowska som seniorforskar ved Polish Institute of International Affairs i Warszawa med forsking på EUs institusjonelle saker. Ho har vore rådgivar for den polske regjeringa med omsyn til korleis Polen kan styrkje sin posisjon i EU og ho har vore ein viktig formidlar av kunnskap om EU-saker til polsk media. Ho har deltatt i ei rekkje samarbeidsprosjekt finansiert av m.a. International Visegrad Fund, EU-kommisjonen (under EUs sjuande rammeprogram), og dessutan tilskot av forskingsmidlar frå Noreg. Ho har mastergrad i jus og internasjonale relasjonar, begge frå Warsaw University.

Program 13:00–14:30
13:00–13:05    Kort introduksjon, Pernille Rieker, NUPI
13:05–13:35    BREXIT – dagen etter, Agata Gostyńska-Jakubowska, CER
13:35–13:45    Kommentarar ved Christophe Hillion og Kristin Haugevik
13:45–14:30    Spørsmål og svar
Ordstyrar: Pernille Rieker, NUPI

Seminaret inngår NUPI's seminarserie Noreg møter Europa

Følg seminaret direkte på YouTube:

Hovedtalere

Agata Gostyńska-Jakubowska
Forsker, the Centre for European Reform (CER), London
29 juni 2016
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Engelsk