Arrangement
Boklansering: Eksterne makter og den Arabiske våren
Historia om statleg styring i Midtausten er ein trist sånn, og utfallet av den arabiske våren var ikkje noko unntak. Etter at euforien hadde lagt seg, blei forholda verre – bortsett frå i Tunisia, der eit demokratisk politisk system der islamistiske og sekulære politiske grupperingar kjempar om makta viste seg levedyktig.
Sverre Lodgaards nye bok, «External Powers and the Arab Spring» (Scandinavian Academic Press), undersøkjer kva rolle utanforståande makter spelte under den arabiske våren i Egypt, Libya og Tunisia. Korleis reagerte USA og EU? Kva gjorde Tyrkia, Saudi-Arabia, Israel og Iran – som ikkje blei direkte påverka av opprøra?
Alle handla med utgangspunkt i eigne verdiar og interesser og tok lite omsyn til preferansane til dei lokale aktørane. Nokon prøvde å fremje demokratisk praksis og menneskerettar, men blei hemma av interessekonfliktar og eigen ineffektivitet. Ingen av dei spelte nokon større rolle – dei var i lita grad meir enn tilskodarar.
Forhåpentleg vil analysane til bidragsytarane i denne boka, alle leiande ekspertar på sine felt, vere nyttig i utforminga av meir effektiv støtte til betre styresett ved framtidige høve.
Du kan følgje seminaret live på YouTube: