Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Både inne og ute: Sverige og Finland i eit nytt tryggingsbilete

Tradisjonelle truslar, spenningar mellom Russland og Vesten, migrasjon, terrorisme og høgre-ekstremisme utfordrar Europa. Sverige og Finland står utanfor NATO, men innanfor EU. Korleis meistrar dei den nye tryggingssituasjonen i Europa?
08 september 2016
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • NATO
  • Engelsk

Den europeiske tryggingskonteksten har endra seg betrakteleg dei siste åra. Europeisk tryggleik og stabilitet blir utfordra både av tradisjonelle truslar, spenningar mellom Russland og Vesten, migrasjon, terrorisme og høgre-ekstremistiske. Truslane gjeld både territorial og samfunnsmessig tryggleik. I brei forstand går altså Europas integrasjonsprosjekt ei uviss framtid i møte. Dagens tryggingskontekst krev stadige tilpassingar, både av NATOs og EUs institusjonar og av enkeltland. Seminaret reiser spørsmål om dei to nordiske ikkje-Nato-landa Sverige og Finland meistrar desse utfordringane. Korleis er dei til endringane i tryggingsoppbygginga sett i gang av NATO og EU?

Seminaret er organisert som ein del av forskingsprosjektet EUNOR, som har som mål å auke forståinga av korleis små statar tar omsyn til sjølvstyre og integrasjon i relasjonane sine til  nøkkelinstitusjonar i Europa. Reagerer dei på kontekstendringar ved å søkje meir integrasjon eller meir sjølvstyre?  Korleis vil dei politiske handlingsromma deira bli påverka?

Douglas Brommesson er førsteamanuensis ved Univeritetet I Lund. Hans forskingsinteresser omfattar utanrikspolitisk analyse, media og utanrikspolitikk, og etikk i internasjonal politikk.Han har særleg fokusert på svensk og nordisk utanriks- og tryggingspolitikk, mekling i utanrikspolitikken, og dessutan det internasjonale omgrepet «responsibility to protect».

Dr Hanna Ojanen er Jean Monnet Professor ved Tammerfors Universitet (School of Management) kvar ho er ansvarleg for studiane I internasjonal politikk. Ho er også Professor II ved Universitetet I Helsingfors. Ho har doktorgrad frå the European University Institute (Florence). Dei tidlegare stillingane hennar omfattar programdirektør for forskingsprogrammet på EU ved Finsk utennrikspolitisk institutt, forskingsleiar ved Utrikespolitiske Instutet i Stockholm. Ho bidrar med bokkapittelet ‘Power in Inter-organizational Relations' i Handbook of Inter-organizational Relations in World Politics, redigert av Rafael Biermann and Joachim A. Koops, gitt ut av Palgrave og som snart vil liggje føre.

Seminaret inngår i NUPI's seminarserie Noreg møter Europa

Følg seminaret directe på YouTube:

Hovedtalere

Douglas Brommesson
PhD og førsteamanuensis, Lunds Universitet
Hanna Ojanen
Professor, University of Tampere
08 september 2016
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • NATO
  • Engelsk