Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Akademisk frukost: Oljefondet og utanrikspolitikken

Kva er samanhengen mellom Oljefondet og norsk utanrikspolitikk? Er det allereie eit verkemiddel, og bør det vere det? Velkommen til akademisk frukost hos Cappelen Damm med lansering av det første heildigitale og ope tilgjengelege nummeret av tidsskriftet Internasjonal Politikk.
04 april 2016
08:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Cappelen Damm
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Utenrikspolitikk
  • Norsk

Svimlande 7066 milliardar kroner er den oppgitte storleiken på oljefondet i mars. Spørsmålet om å auke bruken av oljepengar på nasjonale formål er eit tilbakevendande tema i ordskiftet her heime.

Eit mindre debattert, men om mogleg endå meir innfløkt, spørsmål er om oljefondet allereie er eller burde vere eit verkemiddel i norsk utanrikspolitikk. Og viss ja, kor medvite og korleis skal oljefondet brukast for å best vareta det relativt breie spekteret av norske interesser på den internasjonale arenaen? Kva er argumenta for og imot å bevare skiljet mellom pengane og politikken?

Desse spørsmåla er tema for akademisk frukost 5. april, og for fokusspalta i dette nummeret Internasjonal Politikk (IP) – det første som er gratis og heildigitalt tilgjengeleg for alle. Etter 73 år i papirversjon har NUPI-tidsskriftet fått nytt forlag og blitt såkalla open access, gitt ut under Cappelen Damm Akademisk/Nordic Open Access Scholarly Publishing (NOASP). IP er tilgjengeleg her frå 16. mars.

OBS! Merk at arrangementet finn stad hos Cappelen Damm.

Program 08.30-10.00:

Velkommen ved forlagssjef Birgit Skaldehaug og IP-redaktørar Julie Wilhelmsen og Kristin Haugevik.

Dag Dyrdal (Montalban, tidlegare NBIM) – Oljefondet: Tverrpolitisk pensjonskasse eller aktivt politisk verktøy?
Ulf Sverdrup (NUPI) – Gorillaen i utanrikspolitikken
Lars Erik Mangset (WWF) - Eit nytt klima for Oljefondets investeringar

Panelsamtale og spørsmål frå publikum
Samtalen blir leidd av Julie Wilhelmsen og Kristin Haugevik (NUPI).

Vi serverer enkel frukost frå klokka 8, med programstart 8.30.

Deltakere

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
Dag Dyrdal
Rådgiver, Montalban
Lars Erik Mangset
Seniorrådgiver, WWF
Julie Wilhelmsen
Forsker 1
Kristin Haugevik
Forskningssjef, Forsker 1
04 april 2016
08:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Cappelen Damm
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Utenrikspolitikk
  • Norsk