Arrangement
Sekterisme og politikken rundt sjia-ritualer i dagens Pakistan
Basert på omfattande etnografisk feltarbeid dokumenterer Paul Rollier nytt liv for lokale heterodokse praksisar og utfordrar antakinga om påverknad frå det transnasjonale sjia-presteskapet i utforminga av teologi og politikk for sjia-muslimar i Pakistan. Rollier drøftar også den aukande valden mor sjia-muslimar i landet, og korleis dette står i forhold til sekteriske konfliktar i Midtausten.
Seminaret blir arrangert av NUPI og Asianettverket og blir organisert under NUPIs Forskningssenter for Europa-Asia (NEAR).
Dr. Paul Rollier er førsteamanuensis i Sør-Asia-studium ved School of Humanities and Social Sciences, University of St. Gallen.