Arrangement
Russlandskonferansen 2015: Today's Russia, and where to next?
I år er det 20 år sidan NUPIs Russlandsavdeling blei etablert, og like lenge sidan vi organiserte vår første, årlege Russlandkonferanse. Årets jubileumsutgåve, som vi arrangerer i samarbeid med NORRUSS-programmet, Noregs forskingsråds program for samfunnsforsking på Russland og nordområda/Arktis, søkjer å løfte fram utviklinga både i Russland og i norsk russlandsforsking gjennom desse to tiåra og å gjere opp status: Kvar står russisk politikk i dag? Kva trendar ser vi avteikne seg? Kvar går utviklinga vidare?
Konferansen vil ta for seg tre breie temabolkar: Russland og internasjonal politikk, russisk innanrikspolitikk og forholdet mellom Noreg og Russland i nordområda.
Statssekretær Tore Hattrem og Clifford Gaddy frå Brookings Institution vil halde keynote-taler. Dei tre andre panela er sett saman av framståande ekspertar på russisk politikk frå Russland, Noreg, Storbritannia og USA.
Arrangementet er ope for alle (men med krav om påmelding) og går føre seg på engelsk. Program vil bli oppdatert med titlar nærare konferansen.
Viktig melding: Vi opplever frå tid til anna feilmeldingar ved påmelding til arrangement, og har tekniske problem med utsending av stadfestingse-postar. Av erfaring går alle påmeldingar gjennom, men om du er i tvil, send ein e-post med kontaktinfo og informasjon om feilmelding til seminar@nupi.no, slik at vi kan dobbelsjekke påmeldinga di.
Sjå årets konferanse her:
Program 9 - 16:
NB: Konferansen startar presis klokka 09.00. Vi ber derfor alle om å finne plassane sine innan 08.50. Registreringa opnar 08.15.
Vekommen
Ulf Sverdrup, NUPI
Hovudtalarar
Tore Hattren, statssekretær, Utanriksdepartementet
Clifford Gaddy, Brookings Institution
Panel 1: Russland og verda (10.00 - 11.30)
Ordstyrar: Julie Wilhelmsen, NUPI
Lilia Shevtsova, Chatham House og Brookings Institution, Russia's doctrine of the hybrid world ordar: to be with the West and to be against the West
Roy Allison, Oxfords universitet, Russia's new interventions: Ukraine, Syria and global ordar
Iver B. Neumann, LSE og NUPI, Russia and the idea of Europe
Natasha Kuhrt, King's College London, The threat that dare nót speak its name: Russia's China policy
Panel 2: Russisk innanrikspolitikk (12.15 - 13.45)
Ordstyrar: Pål Kolstø, Universitetet i Oslo
Natalia Zubarevich, Statsuniversitetet i Moskva, Russia's regions: crisis, trends and prospects
Helge Blakkisrud, NUPI, Blurring the boundary: the Kremlin's new approach to national identity
Regina Smyth, Indiana University, The unexpected strength of weak oppositions
Geir Flikke, Universitetet i Oslo, Resurgent authoritarianism: power and societal resistance in Putin's third period
Panel 3: Russland og Noreg (14.00 - 15.30)
Møteleiar: Alyson Bailes, Universitetet på Island
Arild Moe, Fridtjof Nansens institutt, Russia's economic aspirations in the Arctic – implications for Norway
Aileen Espiritu, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Between a rock and a hard place: Russian-Norwegian relations in the High North
Tormod Heier, Forsvarets høgskole, Security challenges in the High North
Kristian Åtland, Forsvarets forskingsinstitutt, Norwegian-Russian security relations after the conflict in Ukraine: continuity or change?
Avslutning
Rainer-Elk Anders, Staffordshire University/NORRUSS programstyre
Oversikt over bidragsytarar ved årets konferanse: