Arrangement
Russisk nasjonalisme og fremmedfrykt: den regionale dimensjonen
Dei fleste studiar av moderne russisk nasjonalisme – enten det er av Kremls offisielle politikk eller av ulike variantar fremja frå opposisjonen eller meir marginale grupper – har fokusert på føderalt nivå. Dette seminaret vil prøve å hente inn den regionale dimensjonen. To case-studium i NEORUSS-prosjektet blir presentert:
The Frontier of the North: Russian Ethnic Nationalism in the Komi Republic
Anastasia Mitrofanova, leiar for avdeling for statsvitskap, kirke-stat-relasjoner og religionssosiologi ved Det russiske ortodokse universitetet, Moskva
Den nasjonalistiske organisasjonen Den nordlege grensa sameiner russarar og etniskekomi i republikken Komi. I motsetning til dei fleste andre regionalt baserte organisasjonar, har denne skapt landsdekkjande overskrifter takka vere si evne til å setje lokale behov på dagsordenen ved bruk av direkte aksjon. Samtidig reflekterer aktivitetane til organisasjonen ein relativt ny trend i russisk og europeisk nasjonalisme: Organisasjonen distanserer seg frå vanleg politikk og konsentrerer seg om sosiale aktivitetar som sport, konsertar og liknande heller enn ideologi og politiske program.
Regional Faces of Every-Day Xenophobia in Russia: Comparing Moscow and Krasnodar
Natalya Kosmarskaya, seniorforskar, Institutt for orientalske studiar, Det russiske vitskapsakademiet, Moskva
Kva kjenneteiknar opinionen med omsyn til haldning til ulike etniske grupper blant arbeidsinnvandrarar i Russland? Denne presentasjonen drar vekslar på case-studiar av to regionar med store migrantsamfunn: Moskva, kor sentralasiatiske migrantar både er flest og mest synlege, og Krasnodar, ein by der representantar for ulike folkeslag frå dei nærliggjande republikkane i Nord-Kaukasus har levd i hundreår.
Kosmarskaya vil presentere resultat frå djupneintervju med representantar for den «opphavlege» befolkninga i dei to byane for å utforske forskjellar og likskapar i haldningar overfor migrantane.
Dette er det tolvte og siste i seminarserien vår om ny russisk nasjonalisme, ein serie av kvartalsvise presentasjonar om ulike aspekt ved russisk nasjonalisme og del av forskingsprosjektet ‘Nation-building, nationalism and the new “other” in today's Russia', eit fellesprosjekt mellom NUPI og Universitetet i Oslo , finansiert av Noregs forskingsråd under NORRUSS-programmet.
Program 10.00 - 11.30:
Anastasia Mitrofanov: ‘The Frontier of the North: Russian Ethnic Nationalism in the Komi Republic'
Natalya Kosmarskaya: ‘Regional Faces of Every-Day Xenophobia in Russia: Comparing Moscow and Krasnodar'
Q&A
Program 10.00 - 11.30:
Anastasia Mitrofanov: ‘The Frontier of the North: Russian Ethnic Nationalism in the Komi Republic’
Natalya Kosmarskaya: ‘Regional Faces of Every-Day Xenophobia in Russia: Comparing Moscow and Krasnodar’
Q&A
Hovedtalere
Relaterte prosjekter
Nation-building, nationalism and the new ‘other’ in today’s Russia (NEORUSS)
Hensikten med prosjektet er å se nærmere på utviklingen av nasjonen, nasjonalisme og oppfatningen av "de andre" i dagens Russland....