Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Radikal islam i Russland: Lokale og globale dimensjonar

Russland strevar, meir enn noko anna europeisk land, med utfordringane radikal islam fører med seg. I Noreg har vi svært avgrensa tilgang til informasjon om radikal islam i Russland. NUPI er derfor veldig glade for å vere vertskap for to av Russlands fremste forskarar på feltet.
13 august 2015
10:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambros plass 2 D
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Russland og Eurasia
  • Konflikt
  • Engelsk

OBS! Dette seminaret er no fullteikna. Påmeldingar som kjem inn etter 12.00 12. august 2015 vil ikkje bli registrert. Seminaret kan likevel følgjast direkte, eller sjåast i etterkant, på NUPIs YouTube-kanal.

I kjølvatnet av krigane i Tsjetsjenia og radikalisering av separatistrørsla, har radikal islam blitt ei sentral drivkraft i motstanden mot russisk styre i Nord-Kaukasus, særleg i dei muslimske republikkane Dagestan, Ingusjetia og Kabardino-Balkaria. I seinare år har radikal islam også spreidd seg til den russiske Volga-regionen.

Eit mønster av konflikt mellom radikale undergrunnsmiljø og føderale tryggingsstyresmakter kan observerast i republikkar som Tatarstan og Basjkortostan, og leier innimellom til valdelege samanstøytar.
Sjølv om årsakene til veksten av radikal islam i Russland hovudsakleg er lokale og lands-spesifikke blir drivne utviklinga også av ytre impulsar.

Konvertering og rekruttering av unge med ulik etnisk bakgrunn gjennom internettbaserte sosiale nettverk er eit globalt fenomen. Samansmeltinga av lokale og globale drivkrefter finn ein parallell i kvar krigarane sluttar seg til jihads frontlinje. I dag kjempar over 5000 russiske borgarar for IS i Midtausten.

I Noreg har vi svært avgrensa tilgang til informasjon om radikal islam i Russland. NUPI er derfor veldig glade for å vere vertskap for to av Russlands fremste forskarar på desse temaa.

Program 10.30-12.00:

Dr. Irina Starodubrovskaya (The Gaidar Institute): «Radical Islam in Russia. Myths and reality».

Dr. Alexej Malashenko (Carnegie Moscow Center): «Russia in the context of the global Islamist phenomenon».

Q&A

Seminaret stremes live på YouTube:

Hovedtalere

Irina Starodubrovskaya
Leder for Senter for politisk økonomi og regional utvikling
Alexej Malashenko
Styreleder for Carnegie Moskva-senterets program for religion, samfunn og sikkerhet.
13 august 2015
10:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambros plass 2 D
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Russland og Eurasia
  • Konflikt
  • Engelsk