Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Myten om den globale landsbyen

Patrick Porter presenterer den nye boka si, og går imot argumenta til globalismen og utfall som ifølgje Porter ofte speler blod og ressursar i jakta på uoppnåeleg «total» tryggleik.
19 september 2015
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk

På dette seminaret vil Patrick Porter presentere si siste bok, The Global Village Myth - Distance, War, and the Limits of Power:

Ifølgje tryggingsekspertar, har ein revolusjon innanfor informasjon, transport og våpenteknologi gjort verda mindre og ført til at USA og forbundsfellane deira er meir sårbare enn nokosinne overfor valdelege truslar som terrorisme og cyberkrigføring. Som eit resultat av dette blir responsane drivne på truslane av frykt, med teoriar om fallande dominobrikker, hysteri i staden for edrueleg debatt, og ei omfamning av omgrepet «forkjøpkrig» for å temje ei kaotisk verd.
Patrick Porter utfordrar desse tankane. I The Global Village Myth går han imot argumenta til globalismen og utfalla som ifølgje Porter ofte speler blod og ressursar i jakta på uoppnåeleg «total» tryggleik. Porter undersøkjer førestillinga om ein trua global landsby gjennom å sjå på al-Qaidas globale geriljarørsle, militære spenningar i Taiwansundet, og dronar og cyberkrigføring - to teknologiar globalistar ofte nyttar til å støtte opp om sine syn, ifølgje Porter.

Kritikken hans synleggjer det tåpelege i katastrofale krigar og korleis globalismen resulterer i tap av borgarrettar. Porter viser korleis teknologi utvidar heller enn innskrenkar strategiske rom, og han presenterer eit alternativt standpunkt for å leie politikarar mot meir fornuftige svar – og med det ein klokare og meir berekraftig overgripande strategi.

Patrick Porter er professor i strategiske studium ved University of Exeter (UK) og forfattar av Military Orientalism: Eastern War through Western Eyes. Tryggingspolitisk direktør Svein Efjestad i Forsvardepartementet vil gi kommentarane sine før vi opnar før spørsmål og svar frå publikum.

Program 13 - 14.30:

Patrick Porter: The Global Village Myth

Kommentarar: Svein Efjestad

Q&A

Hovedtaler

Patrick Porter
Professor i strategiske studier, University of Exeter
19 september 2015
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk