Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Kvinner, fred og tryggleik – ein dagsorden i endring?

NUPI og NOREF har gleda av å invitere til eit ope seminar med lunsj ved Dr. Carol Cohn.
16 juni 2015
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambros plass 2 D
Seminar

Temaer

  • Fredsoperasjoner
  • Engelsk

Femten år etter at FNs Sikkerhetsråd vedtok Resolusjon 1325 er det på tide å revurdere ikkje berre implementeringa, men innhaldet av Kvinner-, freds- og tryggleiks-dagsordenen (WPS). Verdien av WPS-dagsordenen er enorm, men samtidig sterkt avgrensa. Dagsordenen har vore eit viktig verktøy for å synleggjere kvinners behov for vern i krig og dessutan rett til å delta på politiske avgjerdsfrontar for fredsprosessar. Likevel har det vore lite engasjement rundt grunnleggjande spørsmål som «kva kjem etterpå»?

Spesielt er det viktig å sjå på korleis kvinner (og menn) kan sikre at fredsprosessar og langvarige prosjekt kan byggje likestilte sosiale og politiske strukturar som kan bevare freden.

For å få til dette treng vi kunnskap utvikla av feministiske aktivistar, «practitioners», og forskarar og akademikarar som vanlegvis ikkje har blitt forstått som ein del av og vore i dialog med WPS. Mens WPS har omfatta feministisk arbeid i område som tryggingssektorreform, har ikkje feministisk politisk økonomi – med andre ord ein integrert feministisk analyse av problemstillingar innanfor økonomi, levekår, flukt og migrasjon, helse, bustad, infrastruktur og byplanlegging, og miljø- og katastrofehandtering – vore ein del av den internasjonale WPS-dagsordenen. Dette er nødvendig for å sikre fredsprosessar og langvarige likestilling som eit ledd i å bevare fred.  

Dr. Carol Cohn er direktør for Consortium on Gender, Security and Human Rights Konsortiu og professor ved universitet i Massachusetts, Boston. Ho er leiande ekspert i det akademiske fagmiljøet som omhandlar kjønn i internasjonal politikk, væpna konflikt og tryggleik.

Dr. Cohns bidrag til desse fagfelta har vore mange og banebrytande. Forskinga hennar har resultert i ei rekkje publikasjonar innanfor både akademia og i policy debattar. Hennar siste bok, Women and Wars: Contested Histories, Uncertain Futures, ser på ulike roller og erfaringar frå kvinner i krig. Dr. Cohns publikasjonar inneheld også tema som amerikanske nasjonale tryggingselitar, forståing av kjønn for eliminering av masseøydeleggingsvåpen, FNs Sikkerhetsråds resolusjon 1325 og «gender mainstreaming» i FNs tryggingspolitikk. Som rådgivar har ho blant anna jobba med kvinnelege leiarar frå den Demokratiske Republikken Kongo, Melanesia og Kosovo.

I tillegg har ho vore rådgivar til det irakiske departementet for kvinner og menneskerettar, og dessutan for FNs avdeling for fredsbevarande operasjonar (DPKO) for integrering av kjønn i fredsbevarande operasjonar som eit ledd i WPS dagsordenen.

OBS! Vi har tekniske problem med seminarregistrering. For å melde deg på nokre av arrangementa neste veke, ver vennleg og send e-post til:

seminar@nupi.no

Vi beklagar bryderiet. 

Hovedtaler

Carol Cohn
Director of the Consortium on Gender, Security and Human Rights

Møteleder

Randi Solhjell
Tidligere ansatt
16 juni 2015
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambros plass 2 D
Seminar

Temaer

  • Fredsoperasjoner
  • Engelsk