Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Hvordan forstå Øst-Asia?

Professor Christopher Dent utforskar korleis vi kan forstå Aust-Asia som ein region, viktige utviklingar i austasiatisk regional politikk og korleis Aust-Asia formar den verda vi lever i.
10 september 2015
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Asia
  • Engelsk

Aust-Asia har mange av verdas viktigast dynamiske økonomiar – Kina, Japan, Korea, Indonesia, Vietnam, Thailand, Malaysia, med fleire.

Dei siste åra har påverknaden til regionen på den globale økonomien vore oppsiktsvekkjande, og denne kjem sannsynlegvis til å spele ei endå viktigare rolle i nær framtid. Kina får stadig meir makt, noko både regionen og resten av verda kjenner på kroppen.

Professor Christopher Dent utforskar korleis vi kan forstå Aust-Asia som ein region, viktige utviklingar i austasiatisk regional politikk og korleis Aust-Asia formar den verda vi lever i. Dent rettar særleg blikket mot globale utfordringar i hundreåret vårt, som klimaendringar, energitryggleik, kamp mot fattigdom og ein endra geopolitisk orden.

Christopher Dent er professor i Aust-Asias politiske økonomi ved avdeling for språk, kultur og samfunn på Universitetet i Leeds.

Dette arrangementet er ein del av NUPIs seminarserie om Asia. Seminaret vil strøymast live på YouTube.

Program 10 - 11.30:

Introduksjon: Marc Lanteigne, seniorforskar NUPI

Professor Christopher Dent: Korleis forstå Aust-Asia?

Kommentarar: Wrenn Yennie Lindgren, juniorforskar, NUPI. Otto Malgren, UD

Q&A

Hovedtaler

Christopher Dent
Professor, Universitetet i Leeds

Møteleder

Marc Lanteigne
Tidligere ansatt
10 september 2015
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Asia
  • Engelsk