Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Cybertryggleik i internasjonale forum: Kven skal delta?

Private selskap kontrollerer avgjerande delar av det som utgjer cyberspace. Samtidig har cybertryggleik blitt ei statleg oppgåve. Korleis skal vi då organisere internasjonalt samarbeid om cyberspørsmål?
06 april 2015
13:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Styring
  • Internasjonale organisasjoner
  • Norsk

Norsk utanrikspolitisk institutt , i samarbeid med Utanriksdepartementet og Høyskolen i Gjøvik, har gleda av å invitere til seminaret:

Cybertryggleik i internasjonale forum: Kven skal delta?

Private selskap kontrollerer avgjerande delar av det som utgjer cyberspace. Samtidig har cybertryggleik blitt ei statleg oppgåve. Korleis skal vi då organisere internasjonalt samarbeid om cyberspørsmål?

Med den auka bruken i samfunnet av digitale tenester følgjer ein tilsvarande avhengnad av at nettet og tenestene fungerer som dei skal døgnet rundt. Risikoen for misbruk, sabotasje, spionasje og kriminalitet er aukande. Samtidig kjenner det digitale rom («cyberspace») ingen landegrenser. Internasjonalt samarbeid er derfor essensielt for å sikre det.

Likevel kan ikkje statar sikre cyberspace utan eit tett samarbeid med privat sektor. Private selskap eig og kontrollerer vitale delar av det som utgjer cyberspace, frå kritisk infrastruktur til programvare. Ikkje minst sit mange private aktørar på essensiell informasjon om funksjonen, truslane og nye løysingane i nettet. Dette gjeld ikkje berre privat næringsliv men også ikkje-kommersielle aktørar. Samarbeid mellom offentleg og privat sektor er derfor både logisk og viktig.

Ein såkalla «multistakehaldar»-tilnærming blir ofte presentert som løysinga på dette problemet i internasjonale forum. Det vil seie at representantar frå styresmakter, privat sektor og ikkje-kommersielle aktørar er delegatar i internasjonale forum og avgjerdsprosessar. Likevel har svært få slike forsøk hatt suksess. Både privat og offentleg sektor kan vere skeptisk til å dele sensitiv informasjon, dei internasjonale foruma kan mangle gjennomslagskraft, det kan vere vanskeleg å finne dei rette deltakarane i dei ulike initiativa osb. Denne kompleksiteten gjer det krevjande å meisle ut ei nasjonal tilnærming til dette.

Utanriksdepartementet i samarbeid med NUPI og Høyskolen i Gjøvik ønskjer å klargjere desse problemstillingane gjennom dette seminaret, der nøkkelaktørar frå både privat og offentleg sektor er invitert. Nokre av spørsmåla som blir søkte klargjort er:

Kva erfaringar har vi nasjonalt når det gjeld fordelar og ulemper knytt til offentlig-privat samarbeid på cybertryggleik? Er desse overførbare til ein internasjonal kontekst?
Kva modellar finst for offentlig-privat samarbeid på cybertryggleik og kva kan brukast i praksis?
Er «multistakehaldar»-tilnærming urealistisk i praksis? Kva er avgrensingar og moglegheiter? Kva for ei andre tilnærmingar er moglege?
Kven er dei sentrale partane på norsk side som må med for å få til eit vellykka samarbeid i ein internasjonal kontekst?
Kan ein differensiere mellom ulike type private aktørar, og ulike typar internasjonale fora?

Innleiarar:

Sofie Nystrøm, Direktør, Centre for Cyber- and Information Security (CCIS)
Stewart Kowalski, Professor, Høgskolen i Gjøvik
Hans Christian Pretorius, Avdelingsdirektør Operativ avdeling, Nasjonalt tryggingsorgan

06 april 2015
13:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Styring
  • Internasjonale organisasjoner
  • Norsk