Hopp til innhold
NUPI skole

Podkast: Kva kan skje dersom vi gir kinesiske tech-gigantar inngang til Europa?

Kinesiske tech-gigantar vinn stadig terreng i Europa. Er vi klare for alt det innber?

Same dag som doktorgradsstipendiat Valentin Weber (Universitetet i Oxford) heldt foredrag på NUPI, sprakk nyheita om at norske Visma var utsett for eit dataangrep. Kinesisk etterretning skal ifølgje tryggleikssekapet Recorded Future si vurdering ha stått bak angrepet, og ifølgje dataekspertar Reuters har snakka med har målet vore å stele informasjon frå Vismas kundar.

Timinga for NUPI-seminaret med Weber, som hadde tittelen Kinesisk cybertryggleik og konsekvensar for Europa, kunne knapt vore betre.

Les også:

Teknogigantar som Xiaomi, Huawei, ZTE, Baidu og WeChat er blitt veletablerte namn over heile verda. Nokre av dei konkurrerer om å byggje 5G-nettverk i Europa. Samtidig har nokre av desse selskapa blitt assosiert med statssponsa spionasje.

Hovudspørsmålet under Webers foredrag, kor forskaren både gav innsikt i kinesisk etterretningslovgiving og eksempel på tilfelle som har ført til skuldingar om spionasje mot store kinesiske selskap, var: Korleis skal europeiske styresmakter forstå og møte denne utviklinga?

Gjekk du glipp av seminaret? Høyr heile Webers foredrag på NUPI sin podkastkanal:

Vil du vite meir om NUPI si forsking på cybertryggleik? Sjå vårt forskingssenter på cybertryggleik.

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Cyber
  • Asia