Hopp til innhold
NUPI skole

NY BOK: Når Norden møter den kinesiske draken

Dei nordiske landa har mykje å lære av kvarandres forhold til Kina, ifølge ny bok.

NORMALISERING: I 2016 normaliserte Norge og Kina forholdet sitt, som hadde vært kaldt siden 2010 etter at den kinesiske dissidenten Liu Xiabo ble tildelt Nobels Fredspris. Her møter Norges statsminister Erna Solberg Kinas president Xi Jinping i fjor.

Foto: Trond Viken/NFD/Creative Commons/CC BY NC-ND 2.0

NORMALISERING: I 2016 normaliserte Norge og Kina forholdet sitt, som hadde vært kaldt siden 2010 etter at den kinesiske dissidenten Liu Xiabo ble tildelt Nobels Fredspris. Her møter Norges statsminister Erna Solberg Kinas president Xi Jinping i fjor.

Foto: Trond Viken/NFD/Creative Commons/CC BY NC-ND 2.0

Kina si raske framvekst på den globale arenaen påverkar alle, også Norden. Dei nordiske landa sine forhold til Kina vil sannsynlegvis få stor tyding for regionen, både direkte og indirekte.

For eit par tiår sidan blei partikongressen til Det kinesiske kommunistiske parti, som går av stabelen i skrivande stund, hovudsakleg følgd av politiske nerdar og forskarar. I dag dominerer den overskrifter i dei nordiske hovudstadene. Korleis det er best å handtere seg til den nye internasjonalen trenden framvoksteren av Kina fører med, seg er gjenstand for debatt både i Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige.

Til dags dato har likevel desse enkeltlanda via mindre merksemd til korleis dei nordiske naboane deira har utvikla forholdet sitt til Beijing.

Mellom interesser og verdiar

Den nye boka China and Nordic Diplomacy (Routledge) har som mål å stimulere til samtale om denne viktige utviklinga mellom dei nordiske landa. Boka, som er redigert av NUPI-forskarane Bjørnar Sverdup-Thygeson og Wrenn Yennie Lindgren, og Marc Lanteigne, set søkjelyset på både fellestrekk og forskjellar i debattane som for lenge har skjett i isolerte, parallelle spor i dei ulike nordiske landa.

Trass i at dei deler ei rekkje likskapar har dei nordiske statane ofte valt ulike retningar i utanrikssaker.

Innverknaden til Kina reiser likevel spørsmål rundt skiljelinja mellom økonomiske og politiske interesser på den eine sida, og verdiar på den andre, eit utfordrande prinsipp i tradisjonell nordisk tenking om utanrikspolitikk. 

Moglegheiter for læring

I boka argumenterar forfattarane for at denne debatten er for viktig til at dei nordiske landa ikkje skal dra nytte av kvarandre sine erfaringar og diskusjonar. Her finst kapittel om Kina sitt forhold til Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige, så vel som eit kapittel om det såkalla "Belte og veg"-initiativet til Kina.

  • 8. september var NUPI vertskap for det sjuande Kinesisk-Nordiske rundebordet for tenketankar, som samla ekspertar frå dei leiande forskingsinstitusjonane frå landa som blir undersøkte i boka. Sjå det opne seminaret NUPI hadde om Kina og Norden her:

Bak boka står eit lag av nordiske forskarar som altså har skrive ei oversikt over kvart av dei nordiske landa sitt forhold med Kina, og korleis kvart land har handtert utfordringane og moglegheitene forholda til Beijing fører med seg.

Til slutt spør forfattarane kvarvidt det finst ein «nordisk dimensjon» til politikken landa fører overfor Kina, og om ei form for politisk Kina-Nordisk plattform er levedyktig.

For meir informasjon om relatert forsking, sjå nettsidene til NUPI sitt forskningssenter på Europa-Asia, og sjå tidlegare seminar i seminarserien vår om Kina og Norden.

Temaer

  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Norden