NY ARTIKKEL: Stort uforløyst potensial for IRENA
PÅ TIDE Å HØYNE INNSATSEN? Ein måte å måle IRENA sin suksess på, er om statar trekkjer på byrået når dei skal utforme energipolicy. Dersom det ikkje skjer, risikerer IRENA å berre bli symbolsk, påpeker Indra Øverland (NUPI) og Gunilla Reischl (UI) i ein ny artikkel.
Det var spørsmålet Indra Øverland (forskar I) og Gunilla Reischl (seniorforskar) ville svare på i arbeidet med artikkelen “A Place in Sun? IRENA's position in the global energy governance landscape” (International Environmental Agreements: Politics, Law and Economics). Dei to forskarane er tilsette ved høvevis NUPI og det svenske systerinstituttet Uterikespolitiske Institutet (UI), som har samarbeida om å forske på internasjonal energistyring.
- Mykje meir potensial
IRENA, med meir enn 170 medlemsstater, vart etablert for å promotere tilslutning til og berekraftig bruk av fornybar energi. I dag gir byrået for det meste støtte til politikkutforming, og lager statistikk og analyser om fornybare energikjelder.
- IRENA gjer det ganske bra, men har framleis potensial til å nå mykje lenger - og vil sannsynligvis gjere det, oppsummerer Indra Øverland, og utdjuper:
- Når ein tek med i vurderinga både den ekstreme veksten i fornybare energikjelder og ressursane som Det internasjonale energibyrået (IEA) har til disposisjon, kan IRENA sannsynlegvis få mykje meir i frivillige bidrag frå medlemsstatane sine og bruke denne ekstrafinansieringa til å få utretta meir.
- På tida å heve innsatsen
Opphavleg var det Tyskland som tok initiativet til å opprette IRENA, den einaste mellomstatlege organisasjonen som er via til fornybar energi. I den nye artikkelen har forskarane brukt nye datasett til å studere IRENA i lys av tre andre store internasjonale energiorganisasjonar: Det internasjonalen atomenergibyrået (IAEA), Det internasjonale energibyrået (IEA) og Organisasjonen for petroleumeksporterande land (OPEC).
Les også:
- NY BOK: Offentlig hjernekraft kritisk for naturressurser
- Fornybar energi endrer i geopolitikken
- En grønn fremtid – risiko og muligheter
- CO2-trend: stabilisering – et steg i riktig retning
- Korleis kan Sørøst-Asia møte klimaendringane?
- Det har teke tid å få på plass eit hovudkvarter og tilsetje ein stab, men no er det kanskje på tide å heve innsatsen. Dette poenget kan ein lesa både positivt og negativt. På den eine sida viser det at IRENA ikkje har nådd det fulle potensialet sitt enno - kunne det ha gått raskare? På den andre sida viser det at det er eit stort potensial for vekst forklarer Øverland.
Risikerer å berre bli symbolsk
Ein måte å måle IRENA sin suksess på, er om statar trekkjer på byrået når dei skal utforme energipolicy. Dersom det ikkje skjer, risikerer IRENA å berre bli symbolsk, påpeker forfattarane i artikkelen sin.
- Til ein viss grad har statar allereie byrja å leggje merke til resultata som kjem frå IRENA, men organisasjonen har framleis ein lang veg å gå med tanke på å akkumulere data og publikasjonar og rapportere i eit omfang tilsvarande IEA, seier Øverland.
Vil du vete meir om NUPI si forskning på desse områda? Sjå sidane våre om energi og klima, og Energiprogrammet.
Ref: Indra Overland & Gunilla Reisch: "A place in the Sun? IRENA’s position in the global energy governance landscape", International Environmental Agreements: Politics, Law and Economics, June 2018, Volume 18, Issue 3, pp 335–350
Fakta
IRENA – International Renewable Energy Agency
- Mellomstatleg organisasjon som støttar land i overgangen til ei berekraftig energiframtid
- Er fremste plattform for internasjonalt samarbeid, eit 'centre of excellence' og kjelde til policy, teknologi, ressursar og økonomisk kunnskap på feltet fornybar energi
- Promoterer bruk av alle former for fornybar energi, blant anna bioenergi, geotermisk energi, vatnkraft, sol- og vindenergi for å fremje berekraftig utvikling, energitilgang, energitryggleik og økonomisk vekst basert på lave karbonutslepp
- Meir enn 170 medlemsland
- Hovudkvarter i Dei sameinte arabiske emirata
Kjelde: irena.org