Lanserer maktanalysar av elleve av partnerlanda til Noreg
Gjennom elleve rapportar har NUPI, CMI, Universitetet i Agder og PRIO analysert situasjonen når det gjeld politisk økonomi i like mange land.
Politisk økonomi handlar om korleis institusjonar og aktørar innan politikk påverkar økonomien, og omvendt.
Fattigdom, krig og naturkatastrofar
Landa som forskarane har analysert har alle store utfordringar, i form av for eksempel fattigdom, tidlegare eller pågåande krigar og borgarkrigar, korrupsjon eller etterdønningar av naturkatastrofar.
Noreg støttar bistandsprosjekt i alle landa.
- Å ha ei grundig forståing av den politiske situasjonen i landa, er heilt nødvendig for å kunne utforme politikk og bistandsprosjekt som er realistisk for å oppnå måla ein har sett. Utan ei forståing av lokal kontekst, er det alltid ein risiko for at prosjektet ikkje er tilpassa samfunnet det skal gjennomførast i, seier prosjektleiar og forskar I på NUPI, Stein Sundstøl Eriksen.
- Utruleg vanskeleg situasjon
Ifølgje han varierer det mykje korleis det går med dei elleve landa som har blitt plassert under forskarlupa.
- I dei av landa som er definert som sårbare statar - Afghanistan, Sør-Sudan, Mali og Haiti - og i Myanmar, er situasjonen utruleg vanskeleg. Her er det pågåande konfliktar og veldig svake institusjonar og statsapparat, seier Eriksen.
Les også:
I landa som er definerte som utviklingspartnerar, går det betre.
- Men desse har jo også mange grunnleggjande problem, og fleire av dei har ei utvikling som er urovekkjande, seier Eriksen.
Han gir følgjande policy-råd til norske styresmakter:
- For det fyrste: Tilpass bistanden til situasjonen lokalt. For det andre: Tenk langt fram. For det tredje: Ha nøkterne og realistiske ambisjonar, og ikkje tru at ein grunnleggjande kan forandre situasjonen i landa ein opererer i. Det har nok vore tendensar til ønsketeikning og litt for optimistiske forventingar for kva som er mogeleg å få til ved hjelp av bistand. I enkelttilfelle kan det å ha for ambisiøse målsetjingar kanskje til og med forverre situasjonen. Men det vanlege er nok at ein ikkje får til det ein fyrst trudde.