Hopp til innhold
NUPI skole
08_03_22-europeisk-integrasjon.png

Arrangement

UTSETT! Webinar: Nye politiske skiljelinjer og implikasjonar for europeisk integrasjon

Det siste tiåret har ein sett ei ny politisk skiljelinje i vestlege samfunn. Kva konsekvensar har det for nasjonal politikk og framtidig europeisk samarbeid?
08 mars 2022
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Norden
  • Styring
  • FN
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital

I vestlege samfunn har vi det siste tiåret sett ei endring i identiteten og oppfatninga til veljarane av internasjonalt samarbeid. Populistiske parti har fått auka oppslutning, og i Europa har dette i stor grad komme som svar på den veksande makta og kompetansen til EU.

Europeisk integrasjon har endra Europa på ein måte ein ikkje har sett maken til tidlegare. Gjennom stadig tettare integrasjon har vi i dag eit europeisk fleirnivåstyre som leverer mange av dei tradisjonelle hovudoppgåvene til staten, inkludert økonomisk og monetær politikk, konkurransepolitikk, regional politikk, vaksinar, marknadsregulering, lov og orden, utanrikspolitikk og utdanning.

Som ein konsekvens av denne utviklinga har også veljarmønsteret og politiske parti og alliansar endra seg. Ikkje minst ser vi korleis stadig tettare europeisk integrasjon i respons til funksjonelle utfordringar og kriser i aukande grad kolliderer med lokal identitetar, noko som over tid har ført til utviklinga av ein ny transnasjonale politisk skiljelinje.

 Kjernen i denne nye skiljelinja er knytt til ein konflikt om rolla til nasjonalstaten på den eine sida og transnasjonal integrasjon på den andre. Mens «GALEN»-parti (grøn, alternativ, liberal) omfamnar opne samfunn og internasjonalt samarbeid, føretrekkjer parti i den andre enden av skalaen, «TAN»-parti (tradisjonelle, autoritære og nasjonalistiske) sterkare nasjonal kontroll og mindre europeisk styring. Dei politiske følgja blir spesielt tydelege når EU står overfor kriser som Brexit, store migrasjonsstraumar eller finansiell krise. Då blir den identitetsdrivne opposisjonen styrkt i EU, spesielt hos den populistiske høgresida.

På dette webinaret vil Liesbet Hooghe og Gary Marks forklara denne nye skiljelinja i vestlege samfunn, og dets store konsekvensar for nasjonal politikk og framtidig europeisk samarbeid. Spesielt skal dei sjå nærare på betydninga av digitalisering, gjennom å forklara korleis ei stor ekstern endring– informasjonsrevolusjonen – har påverka «GALEN»- og «TAN»-partias kjerneveljarane.

Webinaret er ein del av NUPIs seminarserie «Noreg møter Europa» og blir leidd av forskar 1 Marianne Riddervold.

Talere

Liesbet Hooghe
Professor, UNC
Gary Marks
Professor, UNC
08 mars 2022
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Norden
  • Styring
  • FN
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital