Arrangement
Tryggingspolitikken i Europa – mot fragmentering eller samling?
Så langt ser vi ei utvikling som tyder på meir variert, fleksibel eller differensiert integrasjon for europeisk utanriks-, tryggleiks-, og forsvarspolitikk. Nokre prosessar er sett i gang internt i EU (PESCO, EDF) og bidrar til tettare integrasjon i heile eller deler av unionen. Andre gonger blir også inkluderte assosierte tredjeland, som Noreg (CSDP). Men det finst også ei rekkje tilfelle der prosessar blir initierte heilt uavhengig av EU (EI2, E3), men som likevel bidrar til å styrkje Europas globale rolle.
Korleis kan vi forstå desse ulike prosessane? Og fører dei til ei svekking eller ei styrking av EUs utanriks- tryggleiks og forsvarspolitikk?
Dette har eit knippe forskarar sett nærare på i prosjektet «Balancing between integration and autonomy. Understanding the drivars and mechanisms of EU's foreign, security and defense policy (EUFLEX)». Over tre år har dei undersøkt korleis EU, medlemsstatane og assosierte statar, som Noreg, balanserer mellom omsynet til å vareta nasjonal sjølvråderett (autonomi) på den eine sida, og lojalitet til sjølve EU-prosjektet i form av integrasjon og tettare samarbeid på den andre.
Seminaret 30. november markerer slutten på prosjektet og forskarane vil leggje fram dei viktigaste funna og dessutan diskutere kva desse betyr for EUs integrasjon i tida som kjem.