Arrangement
WEBINAR: Covid-19 og norsk utviklingspolitikk
Sjå opptaket av arrangementet her:
Covid-19 er ei stor global krise. Pandemien er ei helsekrise, globalt er meir enn 350 000 personar døydde og nesten 6 millionar smitta. Nedstenginga av økonomien har også medført ei veldig økonomisk nedkjøling og omvelting. Arbeidsløysa stig og IMF varslar at dette er den største økonomiske krisa sidan depresjonen på slutten av 1920-talet. Vi ser også at det er mykje press på nasjonale og internasjonale institusjonar. Både fattige og rike land har blitt ramma hardt, men framover vil verdas fattige vere særleg sårbare. WHO har nyleg erklært Sør-Amerika som episenteret til pandemien, og sjølv om det afrikanske kontinentet til no har hatt mindre spreiing av sjukdommen enn andre stader i verda, stig talet på smitta raskt også her.
På dette webinaret stiller vi følgjande spørsmål:
Kva er dei viktigaste utfordringane for utviklingsland som følgje av Covid-19?
Kva betyr desse endringane og effektane av pandemien for internasjonal og norsk utviklingspolitikk?
På kva måtar kan land som Noreg bidra i møtet med pandemien?
For å innleie og gi oss innsikt i desse spørsmåla er vi så heldige å ha med oss utviklingsminister Dag-Inge Ulstein, professor Andy Sumner frå King's College London og dagleg leiar for Forum for Utvikling og Miljø (Forum) Kathrine Sund-Henriksen. Webinaret blir leidd av NUPI-direktør Ulf Sverdrup.
Arrangementet blir sendt via Microsoft Teams Live Event. Her finn du ein kort video om korleis du bruker denne plattforma.
Webinaret varer frå klokka 12.00 til 13.15.