Arrangement
WEBINAR: Covid-19, internasjonal politikk og Noreg
Covid-19 er ei stor global krise. Pandemien har ramma nesten alle land, og nesten alle land er ramma samtidig. Det er ei stor helsekrise, globalt er meir enn 280 000 personar døydde og over 4 millionar er stadfesta smitta.
Nedstenginga av økonomien har medført ei veldig økonomisk nedkjøling og omvelting. Arbeidsløysa stig og IMF varslar at dette er den største økonomiske krisa sidan depresjonen på slutten av 1920-talet. Vi ser også at det er mykje press på nasjonale og internasjonale institusjonar.
To spørsmål er heilt sentrale:
1) Kva er dei viktigaste endringane i internasjonal politikk som følgje av Covid-19?
2) Kva betyr desse endringane og effektane av pandemien for norsk utanrikspolitikk?
Under dette webinaret skal utanriksminister Ine Eriksen Søreide saman med NUPI-direktør Ulf Sverdrup gå nærare inn på denne tematikken, og dei vil ta imot spørsmål frå publikum. Hugs derfor å registrere deg i toppen av sidan, så du får tilsendt meir info og lenkje til webinaret.
Webinaret varer frå 16.00-17.00.