Arrangement
NATO og Noreg i 70 år
Den 4. april 2019 er det 70 år sidan Atlanterhavspakten blei underteikna og NATO stiftet. I det høvet blir eit spesialnummer lansert av tidsskriftet Internasjonal Politikk. Spesialnummeret er verken eit festskrift eller protestskift, men byr på analysar av problemstillingar som har prega samspelet mellom NATO og Noreg i 70 år:
Korleis har Noreg som småstat tok omsyn til NATO?
Kva har Noreg bidratt med, og kva har Noreg fått igjen?
Kvar ber det hen?
Under seminaret høyrer vi frå bidragsytarar knytte til Institutt for forsvarsstudium (IFS) og NUPI og får siste nytt frå den praktiske politikkutforminga.
Program:
17.00-17.15 | Introduksjon: Gjennomgangstema i NATOs historie og aktuelle utfordringar, Johannes G. Rø, IFS |
17.15-17.45 | Panelinnspel: |
Rolf Tamnes, IFS | |
Nina Græger, NUPI | |
Paal Sigurd Hilde, IFS | |
Ida Maria Oma, IFS | |
Helge Danielsen, IFS | |
Karsten Friis, NUPI | |
17.45-18.00 | Det tidlause møte det presserande: Norsk tryggingspolitikk i ei brytningstid. Henning Vaglum, ekspedisjonssjef i Forsvarsdepartementet, i samtale med Johannes G. Rø. |
18.00-18.30 | Spørsmål og diskusjon |