Arrangement
Frukostseminar: 25 år med EØS-avtalen
Lett frukost blir servert frå 07.30!
EØS-avtalen har, med sine velkjende feil og skavankar, artikulerte motstandarar og få ivrige tilhengjarar, fungert rimeleg godt i 25 år – og betre enn mange trudde då han først tredde i kraft. I løpet av desse åra har avtalen blitt utvida, fordjupa og han har også gitt grunnlag for å utvide samarbeidet med Noreg og EU på område utanfor gyldigheitsområdet til EØS-avtalen.
På dette frukostseminaret skal vi diskutere betydninga, utfordringane og moglegheitene til EØS-avtalen og lansere ei heilt fersk fokusspalte i Internasjonal Politikk på tematikken.
På seminaret vil Bjørn Tore Godal, som underskreiv avtalen på vegner av Noreg for 27 år sidan, si litt om korleis han opplever avtalen i dag. Vi vil høyre frå Martine Tønnessen, tidlegare leiar av Krfu, om korleis det har vore å vekse opp med EØS. NUPIs direktør, Ulf Sverdrup skal presentere resultat frå ei undersøking NUPI har fått gjennomført om nordmenns haldningar til og kunnskap om EØS (Sverdrup, Svendsen & Weltzien). Og sist, men ikkje minst, vil Åse Gornitzka fortelje litt om korleis EØS-avtalens har bidratt til å endre norsk forsking og styrkje norsk deltaking i europeisk forskingssamarbeid.
I sjølve fokusspalta finst det, i tillegg til artiklar frå alle paneldeltakarane, også artiklar om norsk deltaking i EUs forsvarssamarbeid som ein spin-off av EØS (Svendsen & Rieker) og om kva EØS-avtalen betyr for norsk regelutvikling (Stubholt og Grønnbakk).
Ordstyrar er NUPI-forskar og redaktør for Internasjonal Politikk, Pernille Rieker.
Vi strøymer heile lanseringa direkte her.