Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Storbritannias utanrikspolitikk etter Brexit

Korleis kan Storbritannias utanrikspolitikk sjå ut når Brexitforhandlingene er ferdige neste år?
26 september 2018
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • EU
  • Engelsk

Det å forlate EU inneber at Storbritannia må revurdere måla sine og ambisjonar i sin Europastrategi. Sidan dette er første gongen eit medlemsland forlèt EU, er det vanskeleg å føresjå konsekvensane dette vil få for både britisk utanriks- og tryggingspolitikk, og for Storbritannias framtidige rolle i Europa.

Ei stor og viktig oppgåve i tida som kjem vil vere å kartleggje måla til eit Storbritannia utanfor EU. Gjennom sitt EU-medlemskap har Storbritannia deltatt i ei rekkje politikkområde som har forma forholdet mellom EU og andre statar og organisasjonar som er involverte i internasjonal politikk. Med Brexit må desse områda – som inkluderer handel, tryggleik og forsvar, utvikling, og utanrikspolitikk – truleg blir justert. Ei endring av Storbritannias status i forholdet til EU vil ikkje berre ha konsekvensar for det bilaterale forholdet landet har til EUs medlemsstatar, men også til andre europeiske naboar, som til dømes Noreg.

Forhandlingane har vist at Storbritannia er langt meir politisk og diplomatisk opptatt av Brexit enn både EUs institusjonar og eit overveldande fleirtal av medlemsstatane. Det er også framleis usikkert om det noverande tunge diplomatiske forsvars- og etterretningssamarbeidet mellom Storbritannia og USA vil styrkjast eller blir svekt. Når Brexit-forhandlingane går inn i sin ‘Fase 2' og det framtidige forholdet mellom dei to landa vil få eit større fokus, vil truleg Storbritannias diplomatiske mål etter Brexit bli tydelegare. Dette vil også krevje at EUs medlemsstatar må gjere greie for eigne mål og forventningar når det gjeld deira forhold til Storbritannia. Effektene Brexit vil få for europeiske statars makt, alliansar og innverknad er med andre ord uvisst.

Det er dette Richard G. Whitman skal snakke om når han besøkjer NUPI 27. september. Han er professor i politikk og internasjonale relasjonar ved School of Politics and International Relations. Han er også tilknytta Chatham House og European Policy Centre. Han forskar blant anna på konseptualisering av EUs internasjonale rolle og nærvær, EUs utanrikspolitikk i ein større europeisk og global kontekst, og britisk utanriks- og Europapolitikk. 

Seminaret er ein del av seminarserien Noreg møter Europa. Ordstyrar er Forskar I på NUPI, Pernille Rieker.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Taler

Richard G. Whitman
Professor, School of Politics and International Relations

Relaterte prosjekter

Seminarserie
2015 - 2022 (Avsluttet)

Norge møter Europa

Europa er i stadig endring. Ettersom Norge er en del av Europa og tett sammenvevd med EU så vil økonomiske, og politiske endringer på kontinentet ha store virkninger for landet....

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
26 september 2018
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • EU
  • Engelsk