Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Kor effektive har eigentleg FNs fredsoperasjonar i Somalia, Kongo og Mali vore?

Ekspertar frå heile verda skal i eit nytt nettverk sjå nærare på kor godt fredsoperasjonar faktisk fungerer.
25 november 2018
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Afrika
  • FN
  • Engelsk

Fredsoperasjonar er eit av dei viktigaste verkemidla FN har for å handtere konfliktar. Kor effektive desse er, er likevel gjenstand for debatt både blant praktikarar og akademikarar. FN, og andre internasjonale organisasjonar som utfører fredsoperasjonar, står under stadig større press om å levere.

Det finst i lita grad uavhengig, ekstern forsking som undersøkjer kor effektive dei pågåande fredsoperasjonane er. NUPI har saman med 18 partnarar over heile verda etablert eit internasjonalt nettverk for å forske på nettopp dette. EPONs overordna mål er å forbetre internasjonale fredsoperasjonars effektivitet.

På dette seminaret skal funn frå ein pilotstudie i EPON presenterast. Forskarane har sett på situasjonen i Somalia, Kongo og Mali.

PROGRAM:

1000: Velkommen og introduksjon – Kari Osland, leiar for forskingsgruppa for Fred, konflikt og utvikling på NUPI

1005: Introducing the Effectiveness of Peace Operations Network (EPON) – Cedric de Coning, seniorforskar, NUPI

1015: Paneldiskusjon:

MONUSCO (DRC) – Alexandra Novossoloff, Non-resident Fellow, International Peace Institute (IPI)

MINUSMA (Mali) – Jair van der Lijn, Head of the Peace Operations and Conflict Management Programme, Stockholm International Peace Research Institute (SIPRI)

AMISOM (Somalia) – Linda Darkwa, Coordinator Training for Peace (TfP)

1045: Diskusjon

1120: Avslutning og vegen vidare

Arrangmentet blir direkte strøymd på NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Kari M. Osland
Direktør
Cedric H. de Coning
Forsker 1
Alexandra Novossoloff
International Peace Institute (IPI)
Jaïr van der Lijn
Stockholm International Peace Research Institute (SIPRI)
Linda Darkwa
Training for Peace (TfP)
25 november 2018
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Afrika
  • FN
  • Engelsk