Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Frukostseminar: Ei verd av mistillit – Trump som symptom

Kva har ein aukande amerikansk mistillit til den politiske eliten å seie for endringar i internasjonal politikk? Daniel Drezner og Ole Jacob Sending skal diskutere dette og meir i andre del av seminarserien «Ei verd av mistillit».
19 mars 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Nord-Amerika
  • Engelsk

USAs politiske system blir prega av aukande ideologisk polarisering og utbreidd mistillit til den politiske eliten. Valet av Donald Trump som amerikansk president er eit symptom på eit meir omfattande problem der manglande tillit mellom befolkninga og statlege styresmakter er hovudproblemet.

Daniel Drezner er professor ved Tufts University og kommentator i Washington Post. Han følgjer amerikansk politikk tett og har skrive ei rekkje bøker, blant anna om global styring og om USAs rolle i internasjonal politikk. Hans siste bok The Ideas Industry viser korleis forskjell og ideologisk polarisering har endra den offentlege debatten, og korleis dette kan påverke den politiske utviklinga i USA og elles.

20. mars besøkjer Drezner NUPI og skal saman med forskingssjef Ole Jacob Sending diskutere korleis vi skal forstå den politiske utviklinga i USA og kva denne kan bety for endringar i internasjonal politikk.

Seminaret er det andre i rekkja i NUPIs samtaleserie «Ei verd av mistillit». Den fokuserer på mistillit som fenomen i både i forholdet mellom ulike land, og innanfor kvart enkelt lands grenser. Første del av serien var med NUPI-forskar Morten Bøås og Dlawer Ala'Aldeen den 18. januar i år.

Vi serverer frukost frå 08.30.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Daniel Drezner
professor ved Tufts University og kommentator i Washington Post
Ole Jacob Sending
Forsker 1, leder for Senter for Geopolitikk
19 mars 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Nord-Amerika
  • Engelsk