Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

FNs fredsoperasjonar i ei verd i endring

Undergeneralsekretær for fredsoperasjonar Jean-Pierre Lacroix presenterer status for FNs fredsoperasjonar.
13 november 2018
12:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Fredsoperasjoner
  • Konflikt
  • FN
  • Engelsk

Fredsbevaring er eit av dei mest effektive verktøya FN har for å fremje og halde oppe internasjonal fred og tryggleik. Likevel står fredsbevaring overfor fleire utfordringar som undergrev evna til å levere. Politiske løysingar er ofte fråverande, likeins fokus og klare prioriteringar. Komplekse truslar fører til ein auke i dødsfall og skadar blant FN-styrkar, og nokre gonger manglar ein personell og utstyr for å møte desse truslane. Fredsbevarande operasjonar har også hatt utfordringar med å levere på vernemandatet sitt, som skal bidra til langsiktig, berekraftig fred, og dessutan koordinering med andre aktørar som opererer i same kontekst.

For å svare på nokre av desse utfordringane lanserte FNs generalsekretær António Guterres Action for Peacekeeping (A4P), ein plan som skal styrkje ei felles politisk forplikting til fredsbevarande operasjonar. Guterres har bede medlemsstatane om å gå saman for å utvikle eit nytt sett med avtalte prinsipp for og forpliktingar til å lage framtidsretta fredsoperasjonar. Målet er å nå ein formell avtale i slutten av 2018.

På seminaret 14. november kjem Jean-Pierre Lacroix til NUPI. Han er undergeneralsekretær for fredsoperasjonar i FN. Lacroix skal snakke om framgangen til FNs freds- og tryggingsreform generelt, og FNs fredsoperasjonar spesielt – inkludert Guterres' Action for Peacekeeping (A4P).

I tillegg til Lacroixs foredrag vil det også bli lansering av boka UN Peace Operations in a Changing Global  Order som er redigert av Cedric de Coning og Mateja Peter.

Boka (som har open tilgang) undersøkjer korleis FNs fredsoperasjonar tilpassar seg etter fire trendar i ei verd i endring: 1. Rebalanseringen av relasjonar mellom statar i det globale nord og det globale sør, 2. Framveksten av regionale organisasjonar som leverandør for fred, 3. Framveksten av valdeleg ekstremisme og fundamentalistiske ikkje-statlege aktørar, og 4. Aukande krav frå ikkje-statlege aktørar om større vektlegging av menneskeleg tryggleik. Boka identifiserer framveksande konfliktar og fredstrendar sett i lys av strukturelle skifte i den globale ordenen.

Ordstyrar er NUPI-direktør Ulf Sverdrup.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Jean-Pierre Lacroix
Undergeneralsekretær, UN Peacekeeping Operations
Cedric H. de Coning
Forsker 1
Anne Kjersti Frøholm
Fagdirektør fredsoperasjoner, Utenriksdepartementet

Ordstyrer

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
13 november 2018
12:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Fredsoperasjoner
  • Konflikt
  • FN
  • Engelsk